NRK Meny
Normal

Samlast til minne om offera

MANCHESTER (NRK): Tusenvis av menneske møtte fram i Manchester for å minnast dei døde etter terroråtaket måndag, og for å vise at dei ikkje er redde.

BRITAIN-SECURITY/MANCHESTER A woman holds a placard as people take part in a vigil for the victims of an attack on concert goers at Manchester Arena, in central Manchester

Fleire tusen hadde samla seg på Albert Square i Manchester tysdag kveld.

Foto: PETER NICHOLLS / Reuters

Kim og Alice er blant tusenvis som har møtt opp tysdag kveld ved katedralen på Albert Square i Manchester for å minnast dei mange som blei drepne og såra i terroråtaket måndag kveld.

– Berre for å vise folk at vi ikkje kjem til å trekke oss tilbake, og at dei ikkje kan skremme oss, for det er openbert det dei vil at vi skal kjenne, og berre for å vise familiane at ... Kim må kvele gråten. Ho vil ikkje la seg fotografere.

– Vi må halde fram med å leve som vanleg

Veninna Alice seier at ho ofte går på konsertar, men at ho droppa å gå i går.

– Men eg har fleire vener som var der.

Ho seier at ho ikkje er redd, spesielt ikkje no, når politiet har skjerpa trggleiken i byen. Dei har med seg blomar dei vil legge ned ved katedralen – om dei når fram.

Britain Concert Blast

Innbyggarane i Manchester står saman etter terroråtaket.

Foto: Kirsty Wigglesworth / AP

Mange på plassen held opp plakatar med tekstar som «Ingen frykt her», «Vi sørger i dag, men vi er sterke», og logoen «I love MCR».

– Som dei seier, ein kan ikkje vere redd, ein må halde fram å leve som vanleg og ikkje vise frykt, for det er det dei er ute etter, at ein skal endre måten ein lev på. Det kjem vi ikkje til å gjere, seier Kim.

Ordføraren oppfordra til samhald

Også ekteparet Sandra og Jed Deane har møtt fram for å minnast dei døde og dei etterlatne.

Sandra og Jed Deane

Jed og Sandra Deane har møtt fram for å vise solidaritet med dei etterlatne.

Foto: Marte Halsør / NRK

– Fordi eg har behov for å gi støtte til dei, familiane til dei stakkars barna, seier Sandra, som seier at ho har barn sjølv og ikkje kan førestille seg dette.

– Det er heilt skrekkeleg. Eg skjønar ikkje kvifor dei gjer slikt.

Og sjølv om dei som så mange andre i Manchester er skaka over gårsdagens hendingar, kjenner dei seg også trygge – i alle høve så trygg som ein kan kjenne seg.

BRITAIN-SECURITY/MANCHESTER Police officers join people taking part in a vigil for the victims of an attack on concert goers at Manchester Arena, in central Manchester

Eit politi i høg beredskap dagen etter eit av dei verste terroråtaka i Storbritannia nokon sinne

Foto: PETER NICHOLLS / Reuters

– Ein er ikkje trygg nokre stader, er ein? Det er det same kvar ein er. Så eg kan like godt vere her, seier Jed til NRK. Han trur åtaket vil samle folk.

Det gjorde også Manchesters ordførar, Eddy Newman.

– Vi er mange, dei er få, sa han, etter at han hadde takka naudetatane for innsatsen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt