Hopp til innhold

Samde om berekraftsmål i FN

Landa i FN er samde om innhaldet i dei nye globale måla for berekraftig utvikling. Å utrydde ekstrem fattigdom og svolt er blant måla som skal vere oppfylt innan 2030.

FNs generalforsamling

Berekraftsmåla tek over for dei åtte tusenårsmåla. Dette biletet er teke under eit tidlegare møte i FN.

Foto: TIMOTHY A. CLARY / Afp

Utkastet til utviklingsplanen vart vedteke til ståande applaus i FN-bygget natt til måndag norsk tid, ifølgje nyheitsbyrået Reuters. Måla skal formelt vedtakast av statsleiarane under FN si hovudforsamling neste månad.

17 berekraftsmål tek over for tusenårsmåla

Dei åtte tusenårsmåla til FN vil då vere erstatta av 17 berekraftsmål, noko som speglar av håpet om framleis utvikling og økonomisk vekst utan at det går på kostnad av miljøet.

– Dette er verda sin felles arbeidsplan for ein meir berekraftig utvikling dei neste 15 åra, seier Marianne Loe i Utanriksdepartementet, som har leia Noreg sin delegasjon i forhandlingane.

Børge Brende

Utanriksminister Børge Brende seier at semja saknar sidestykke.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Saknar sidestykke

Utanriksminister Børge Brende seier at dette er ein av FN sine meir omfattande satsingar nokosinne

– Semja i New York er startskotet for ei global satsing dei neste femten åra som saknar sidestykke, seier Brende til NRK.

Vil det vere mogleg å nå desse måla?

Det same spørsmålet stilte ein då Kofi Annan lanserte tusenårsmåla i år 2000, og innan 2015 hadde ein nådd målet om å halvere ekstrem fattigdom. Eg meiner at det ikkje er noko alternativ til å få målet om utrydding av all ekstrem fattigdom, seier Brende.

– Klarer neppe å nå alle

Fattigdom og sult i Afrika

Dersom FN når berekraftsmåla sine skal det vere slutt på ekstrem fattigdom innan 2030.

Foto: Rebecca Blackwell / Ap

Forhandlingane om måla har vore lange og komplekse, og resultatet kan skildrast både som historisk og svært ambisiøst. Loe meiner at mange av måla kan gjennomførast innan 2030 dersom den politiske viljen er til stades, men at det blir vanskeleg å nå alle.

– Realistisk vil ikkje alle måla kunne oppfyllast på 15 år, men dei er politiske mål ein kan strekke seg etter, seier Loe til NTB.

I tillegg til at det skal bli slutt på ekstrem fattigdom og svolt, vil FN-landa oppnå fullstendig likestilling mellom kjønna. Landa vil sikre utdanning og arbeid til alle, og ta umiddelbart ansvar for å nedkjempe klimaendringar og innverknaden dei har.

Store investeringar

Det tyder på at å oppnå måla vil koste opp mot 37 000 milliardar kroner kvart år, noko som om lag svarer til USAs statsbudsjett.

FN

Måla skal vedtakast under FN si hovudforsamling neste månad.

Foto: EWA-MARI HEDMAN / NRK SAPMI

Medan dei tidlegare tusenårsmåla i stor grad har vore basert på bistandsmiddel, i tillegg til eigen innsats frå utviklingsland, trengst det breiare verkemiddel for å nå berekraftsmåla.

Blant anna må næringslivet trekkast med i langt sterkare grad.

– Å nå energimålet åleine vil krevje store investeringar, og partnarskap av alle slag blir sentralt, seier Loe.

– Kva vil dette koste?

– Det er meir freistande å spørje; kva vil det koste å ikkje nå desse måla? Noreg er plikta til å gi minst 0,7 prosent av all verdiskaping i bistand, vi skal satse meir innan utdanning og vi skal tenke utradisjonelt når det kjem til å auke investeringa i utviklingsland slik at det kan skapast dei naudsynte arbeidsplassane, seier Børge Brende.

SISTE NYTT

Siste nytt