NRK Meny
Normal

Vasskanonar og tåregass mot demonstrantar i Soma

Politiet brukar i ettermiddag vasskanonar og tåregass mot fleire tusen demonstrantar i gruvebyen Soma, der rundt 300 menneske miste livet i ei gruveulukke tidlegare denne veka.

Video frå Soma fredag ettermidag.

VIDEO: Samanstøytar mellom politi og demonstrantar i Soma.

Ein del demonstrantar skal ha kasta stein på politiet. Minst fem menneske vart såra, fleire av dei politimenn, melder AFP. Fleire personar skal vere arresterte etter tumultane.

Demonstrasjon i Soma.

Gruveulukka i Soma har ført til sinne blant mange tyrkarar. Her frå demonstrasjonen i dag i Soma.

Foto: Emre Tazegul / Ap

Demonstrantane prøvde å marsjere mot ein statue i sentrum av byen som heidrar gruvearbeidarane då dei vart stansa av politiet, som skaut tåregass og seinare kaskadar av vatn mot menneskemengda.

Trassa politiet

Det var harde frontar i demonstrasjonen. Ifølgje ei melding på Twitter ropte ein demonstrant dette til politiet:

– Broren min vart kvelt av karbonmonoksid. Tåregassen dykkar kan ikkje skade meg.

Laster Twitter-innhold

Etter ein skikkeleg dusj frå vasskanonane, ropar ein mann mot politiet:

– Slutt å sprute vatn på oss. Sprøyt vatnet ned i gruva, kanskje de endeleg greier å sløkkje brannen.

Raseri mot Erdogan

Ulukka, som er den verste i Tyrkia nokon gong, har skapt raseri i landet. Det har vore store demonstrasjonar mot styresmaktene i fleire tyrkiske byar. Kritikken går på at regjeringa til statsminister Tayyip Erdogan har gjort det lettare for gruveeigarane å slurve med tryggleikstiltaka.

Demonstrasjonen går føre seg i ei av hovudgatene i byen, men då politiet greip inn flykta mange inn i sidegatene.

Det offisielle talet på omkomne i gruvekatastrofen i Soma er no 284, medan 18 menneske framleis er sakna.

LES OGSÅ: – Dødstallet vil ende på 301 eller 302 i Soma

LES OGSÅ: Død gruvearbeider funnet med lapp i hånden: «Jeg ber om din nåde, min sønn»

LES OGSÅ: - 14 gruvearbeidarar delte på oksygenet til dei døydde

LES OGSÅ: Tåregass og vannkanoner mot demonstranter i Tyrkia

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt