Hopp til innhold

Harde samanstøytar etter drap i Makedonia

Det var i går kveld kraftige samanstøytar mellom rasande ungdomar og opprørspoliti i den makedonske hovudstaden Skopje etter drapa på fem menneske før helga.

Kraftige samanstøytar i Skopje.

Politi og rasande ungdomar stod mot kvarandre i fleire timar i Skopje måndag kveld.

Foto: ROBERT ATANASOVSKI / Afp

Styresmaktene i Makedonia har ikkje kommentert motiva for drapa sist fredag, men demonstrasjonane og uroa i går kveld retta seg mot den etnisk albanske minoriteten i landet.

Etnisk uro i Skopje i Makedonia.

Ein politimann skyt tåregass mot steinkastande ungdomar i Skopje.

Foto: OGNEN TEOFILOVSKI / Reuters

Fleire hundre maskerte ungdomar frå den slaviske majoriteten i landet kasta stein mot politiet medan dei ropte nasjonalistiske og anti-albanske slagord.

Uroa braut ut då ungdomane ville marsjere over ei bru inn til eit albansk nabolag i Skopje, og dei vart hindra av politiet.

Då starta steinkastinga, og politiet svarte med tåregass. Politiet greidde å hindre demonstrantane å kome over brua, og dei fekk etter kvart kontroll over situasjonen.

Fem menn drepne

Det var sist fredag, på den ortodokse langfredagen, at lika av fem drepne makedonske menn vart funne ved ein innsjø utanfor Skopje, som er ein populær utfartsstad. Fire av dei var tenåringar og i 20-åra, medan den femte var i 40-åra.

Alle fem vart skotne på kloss hald av meir enn ein person, opplyser politiet.

Styresmaktene har bede folk halde seg rolege, og ikkje spekulere på kva motiv gjerningsmennene måtte ha hatt før saka er ferdig etterforska. Det er stor frykt for ytterlegare etnisk uro i det gryande demokratiet.

Demonstrantar mot politi i Skopje.

Rasande demonstrantane i Skopje. Raseriet var retta mot den albanske minoriteten i landet.

Foto: ROBERT ATANASOVSKI / Afp

Sist månad vart to etniske albanarar skotne go drepne av ein makedonsk politimann på frivakt. Bakgrunnen skal ha vore krangel om ein parkeringsplass ibyen Gostivar vest i landet.

Avtale om maktdeling

Den fattige nasjonen med rundt to millionar innbyggjarar har vore skåna for alvorlege etniske valdshandlingar dei siste åra, men landet var nær borgarkrig før ein avtale om maktdeling vart inngått i 2001.

Her spelte EU og NATO ei viktig rolle for å få til ein avtale. med god hjelp frå vestlege land.

Før det var berre etniske makedonarar med i styre og stell, men forsoningsavtalen gjorde at den albanske minoriteten på 25 prosent også kom med i det politiske livet. Men dei to folkegruppene lever stort sett separerte frå kvarandre

– Langt unna borgarkrig

Seniorforskar ved NUPI, Karsten Friis.

Balkan-ekspert Karsten Friis seier at det er aukande nasjonalisme i Makedonia.

Foto: NUPI

Forskar ved Norsk utanrikspolitiske institutt NUPI og Balkan-ekspert Karsten Friis seier til NRK.no at trass i motsetningar mellom dei etniske gruppene, og no også drap, så er vi langt unna ein borgarkrig

Situasjonen er ein annan i dag, seier han, men det er like fullt gjengar med tilgang til våpen på begge sider.

Det er eit flytande skilje mellom fotballpøblar, kriminelle og patriotar i Makedonia

EU-døra er stengd

Landet er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og takka vere ein strid med Hellas om namnet på landet, er vegen til å bli EU-medlem stengtd, fortel Karsten Friis. Han opplever også at nasjonalismen er på frammarsj i landet.

Nabolandet Hellas har ein provins som heiter Makedonia, og offisielt må staten Makedonia bruke namnet «The Former Yuogoslav Republic of Macedonia» (FYROM), altså Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt