Hopp til innhold

Samanstøyt på grensa mellom Serbia og Kroatia

Tusenvis av flyktningar på veg nordover i Europa står fast i Serbia. Etter at Ungarn laurdag stengde nok ei grense, denne gongen til Kroatia, er endå ei rute nordover gjort umogleg.

Frustrerte flyktninger og migranter i håndgemeng med hverandre og politiet på grensen mellom Serbia og Kroatia. Kroatisk politi har satt opp gjerder for å få kontroll på strømmen av mennesker.

SAMANSTØYT: Frustrerte flyktningar og migrantar i håndgemeng med kvarandre og politiet på grensa mellom Serbia og Kroatia.

– Det er som ei stor elv av menneske, og om du stansar straumen, vil du få flaum nokre stader. Det er det som skjer no, seier Melita Sunjic, talskvinne for FNs høgkommissær for flyktningar, til nyhendebyrået Reuters.

Ifølge FN er no meir enn 10.000 flyktningar i Serbia, og fleire er på veg. Dei manglar det meste, fortel Sunjic.

Etter ei natt ute i kulden vart frustrasjonen så stor blant migrantane som ikkje kom seg vidare inn i Kroatia, at det braut ut slagsmål.

Flyktningar på grensa mellom Serbia og Kroatia

UTESTENGDE: Flyktningar vert møtt av kroatisk politi på grensa, nær den serbiske byen Berkasovo.

Foto: ANDREJ ISAKOVIC / Afp

Flaskehals også på grensa mellom Kroatia og Slovenia

Ungarn har fått mykje kritikk for å ha bygd eit gjerde på grensa til Serbia for å stenge flyktningane ute, og laurdag stengde dei også grensa til Kroatia, som har ført til at flyktningane no forsøker å ta seg gjennom Slovenia.

Flyktningar i regnet mellom Kroatia og Slovenia

PRØVAR Å KRYSSE GRENSA: Flyktningar i regnet på grensa mellom Kroatia og Slovenia, som ikkje vil sleppe dei inn.

Foto: SRDJAN ZIVULOVIC / Reuters

Det vesle landet med berre 2 millionar menneske ser no den største migrasjonen til landet sidan andre verdskrig, og har no sett ei kvote på tal menneske dei er villige til å sleppe inn kvar dag. Dei grunngir dette med at Austerrike også har sett ei grense for kor mange dei vil ta inn, sjølv om myndigheitene i Wien skal ha nekta for dette. Likevel kom 5000 flyktningar til landet frå Kroatia mandag, ifølge innanriksdepartementet i Slovenia, som skuldar nabolandet for å ignorere deira politikk.

Kroatia har no skjerpa grensekontrollen for å hindre at ytterlegare flyktningar skal ta seg inn i landet frå Serbia.

EU ser mot Tyrkia

Davutoglu og Merkel i Istabul

PÅ TYRKIABESØK: Angela Merkel har innteke ei leiarrolle i Europas handsaming av flyktningkrisa. I helga besøkte ho sin tyrkiske kollega, for å diskutere kva Tyrkia kan bidra med.

Foto: POOL / Reuters

EU anslår at rundt 700.000 migrantar vil ha kome innan året er omme, og det har vore stor aktivitet for å finne ei løysing som medlemslanda saman kan vere einige om.
Førre månad vart innanriksministrane i EU einige om ein plan der ein fordeler flyktningane landa imellom etter nøye utrekna kvotar, men mange av landa aust i Europa har motsett seg avtalen.

No ser EU mot Tyrkia, der dei fleste flyktningane startar reisa inn i Europa. I helga besøkte Tyskland sin forbundskanslar Angela Merkel landet, og kom med lovnader om økonomisk støtte, letter i visumreglane og fortgang i forhandlingane om tyrkisk EU-medlemskap om Tyrkia forpliktar seg til å ta større ansvar for flyktningane.

SISTE NYTT

Siste nytt