Hopp til innhold

Samanlikna smittevernreglar med holocaust – no beklagar ho

Den omstridde kongressrepresentanten Marjorie Taylor Greene beklagar at ho samanlikna påbod om munnbind med jødeutryddinga under andre verdskrig.

FILE PHOTO: U.S. Rep. Marjorie Taylor Greene (R-GA) wears a "Trump Won" face mask as she arrives to take her oath of office as a member of the 117th Congress in Washington

KONTROVERSIELL: Republikanaren Marjorie Taylor Greene har gjennom si to år lange politiske karriere fått mykje kritikk for å støtte valdelege konspirasjonsteoriar.

Foto: ERIN SCOTT / Reuters

– Eg er veldig lei meg for at eg fornærma folk med kommentaren om holocaust. Det er ikkje grunnlag for samanlikning, og det vil det aldri vere, sa den republikanske representanten etter eit besøk til holocaust-senteret i Washington D.C.

– Antisemittisme er ekte hat. Det såg eg i dag på holocaust-museet, seier Greene ifølge The Guardian.

Unnskyldinga kom over tre veker etter at Greene kom med dei omstridde utsegna i ein konservativ podkast.

Der samanlikna ho smittevernreglane Demokratane hadde vedtatt med «ei tid då folk blei bedt om å ha på seg ei gullstjerne».

Det var spesifikt påbodet om munnbind i Representantanes hus ho kritiserte. Der har det demokratiske partiet fleirtal, med Nancy Pelosi som leiar.

– Dei blei sett i tog og ført til gasskammer i Nazi-Tyskland. Det er akkurat den typen overgrep som Nancy Pelosi snakkar om, sa Greene vidare i podkasten.

Støtter konspirasjonsteoriar

Greene har tidlegare ytra fleire rasistiske og islamfiendtlege kommentarar, og har vist si støtte til fleire valdelege konspirasjonsrørsler, mellom anna QAnon.

– Vaksinerte tilsette får ein vaksinasjonslogo, akkurat som nazistane tvang jødiske folk til å bere gullstjerne, tvitra ho i slutten av mai.

Ein tweet av Marjorie Taylor Greene, der ho samanliknar vaksinepasset med gullstjernene jødar blei tvungen til å bere under andre verdskrig.

Skjermdump frå Twitter tatt 15.06.2021.

Foto: Skjermdump frå Twitter

Den gongen nekta ho for å ha samanlikna smittevernet med holocaust, men hevda ho samanlikna det med diskrimineringa mot jødar i starten av nazismen, ifølge The Guardian.

Greene har også vist sin skepsis mot koronaviruset, som har forsaka over 600.000 dødsfall i USA.

– Vaksinepass og påbod om munnbind skaper diskriminering av uvaksinerte menneske som stoler på immunforsvaret sitt mot eit virus som er 99 prosent mogleg å overleve, tvitra ho.

Refs frå eige parti

Utsegna hennar har fått mykje kritikk, også frå eigne partifellar. Den republikanske leiaren av Huset, Kevin McCarthy, sa hans parti fordømmer utsegna hennar.

Donald Trump og Marjorie Taylor Greene

Marjorie Taylor Greene er ein nær alliert av tidlegare USA-president Donald Trump. Ho har også støtta hans påstandar om valfusk.

Foto: Brynn Anderson / AP

– Marjorie tar feil, og valet hennar om å samanlikne det vondsinna som skjedde under holocaust med å bruke munnbind er forferdeleg, sa McCarthy.

I februar blei Greene utestengt frå to kongresskomitear i Huset. Forslaget blei vedtatt med 230 mot 199 stemmer, deriblant elleve republikanarar.

No er Greene den einaste folkevalde i USA som ikkje er medlem av ein komite.

Greene har også antyda at fleire skuleskytingar i USA har vore iscenesett eller at dei aldri har skjedd. 47-åringen har i tillegg gitt sin støtte til innlegg i sosiale medium om å avrette Nancy Pelosi og henge Barack Obama.

– Dette er utsegn som tilhøyrer fortida, og desse tinga representer ikkje mine verdiar, svarte Greene den gongen.

SISTE NYTT

Siste nytt