Hopp til innhold

Saksøkjer sonen etter mangel på barnebarn

Eit indisk ektepar har venta årevis på barnebarn. No saksøkjer dei sonen for «mental råskap».

Sanjeev and Sadhana Prasad

Sanjeev and Sadhana Prasad saksøkjer sin eigen son. Dei ønsker seg barnebarn.

Foto: Arvind Kumar Srivastava / Twitter/ANI UP

– Sonen min har vore gift i seks år, men det er framleis ingen planar om baby, seier Sanjeev Prasad.

Han og kona har skapt overskrifter i indisk presse. Dei tek nemleg sin eigen son til retten, ifølgje BBC.

Årsaka? Han har ikkje gitt dei eit barnebarn.

– Det er alle foreldre sin draum å bli besteforeldre. Dei har venta år på å bli det, seier paret sin advokat.

No krev dei over 6 millionar kroner i kompensasjon, viss sonen ikkje skaffar seg eit barn i løpet av eit år.

Betalte utdanning og bryllaup

Ekteparet frå delstaten Uttarakhand, nord i India, fortel at dei har brukt alle sparepengane sine på sonen.

i 2006 betalte dei for ei pilotutdanning i USA. Då sonen vende heim året etter utan jobb, budde han heime gratis i to år, fortel paret.

LES OGSÅ: 28 år gamle Xiao Xiao er «for gammel» til å bli gift

– Vi fekk han endeleg gift i 2016, med håp om at han ville skaffe oss eit barnebarn å leike med som pensjonistar, seier Prasad til Times of India.

Ekteparet fortel at dei brukte nærare 800.000 kroner på eit påkosta bryllaup og bryllaupsreise.

Pilgrimmer besøker elven Ganges i byen Hardwar, India.

Det er ein domstol i byen Haridwar som skal vurdere saka. Haridwar ligg nord i India, ved elva Ganges.

Foto: Sandeep Sharma / AP

– Mental tortur

Seks år etter bryllaupet har sonen framleis ingen planar om å få barn, til foreldra sin frustrasjon.

– Vi droppa draumane våre for å oppdra han, seier ekteparet.

Prasad sin advokat fortel at paret krev kompensasjon for det dei meiner er «mental råskap», ifølgje The National.

– Trass all vår innsats, sonen min og kona hans har forårsaka mental tortur ved ikkje å gi oss eit barnebarn, seier Prasad.

Saka blir teken opp i retten neste veke. Sonen har ikkje så langt kommentert saka.

SISTE NYTT

Siste nytt