– Broren min bør dømmast til døden

MARRAKECH/OSLO (NRK): Broren til ein av dei arresterte for drapet på Maren Ueland og venninna hennar trur dei mistenkte er skuldige. Han seier til NRK at dei bør dømmast til døden.

Broren til en av de sikta i Marokko

Storebroren til ein av dei som er arrestert for drapet på Maren Ueland og Louisa Vestager Jespersen, seier han og familien har stor medkjensle med dei etterlatne.

Foto: Rune Henriksen Jørstad / NRK

I Marokko er til saman 13 personar arrestert i samband med drapa på norske Maren Ueland og danske Louisa Vesterager Jespersen.

Fire av mennene er mistenkt for drapa på dei to kvinnene.

Said Ouziad er storebroren til ein av dei mistenkte. NRK møter han i ein av dei fattige bydelane i Marrakech. Vi får bruke namnet hans, men han vil ikkje vise ansiktet sitt. Han tek med seg NRKs team til eit folketomt område. Han seier ingen vil snakke med han lenger.

– Folk stikk av når dei ser meg. Dei er redde sidan dei veit eg er broren hans, og fryktar eg er slik som han, seier Ouziad til NRK.

Radikalisert

Broren tett på

Said Ouziad meiner broren blei radikalisert i moskeen han gjekk i. Ein av dei som er arrestert skal vere imam i moskeen.

Foto: Rune Henriksen Jørstad / NRK

Den yngre broren hans er 27 år gamle Youness, som blei arrestert saman med to andre drapsmistenkte. Dei skal ha flykta frå Idlil før drapa blei oppdaga inne på fjellet måndag. Ouziad seier broren var ein godt likt person tidlegare.

– Han var eit audmjukt menneske som kjente religionen sin godt. Han var fredeleg og godt likt av folk. Han stilte alltid opp dersom folk trong hjelp.

Den pågripne mannen er gift og har eitt barn. Dottera saknar faren sin.

– Den tre år gamle dottera til broren min merkar at det noko som er gale, og spør stadig etter pappaen sin. Vi seier han er på jobb.

Broren arbeidde som snekkar, og viste ikkje teikn på å vere radikalisert, sier Ouziad.

– Han var saman med familien sin. Eg ber aldri, og det hadde han ikkje noko i mot.

Men for nokre månader sidan blei han kjent med dei andre drapsmistenkte. Han skal ha brukt stadig meir tid i moskeen. Ein av dei arresterte er imam i moskeen der dei mistenkte gjekk for å be. Ouziad trur broren kan ha blitt radikalisert i moskeen.

– Dette er unge menn utan utdanning som bur heime hos foreldra sine. Så møter dei folk som hjernevaskar dei.

Kondolerer til dei etterlatne

Laurdag har det vore markeringar både i Noreg og Marokko etter drapa i Atlasfjella. Ingen er dømde for drapa, men i Marokko er det stadig fleire som meiner at dei mistenkte må dømmast til døden om dei blir funne skuldige.

Ein av dei som støttar dette kravet er Said Ouziad. Han er overtydd om at broren og dei andre mistenkte er skuldige.

– Broren min bør bli dømt til døden. Alle dei fire som var med bør bli dømde til døden.

Kva vil du seie til dei etterlatne

– Foreldra mine og eg kondolerer til alle pårørande. Foreldra mine ante ikkje at sonen deira var slik. Dei kjenner har stor medkjensle med dei etterlatne.

Her ble kvinnene funnet
Foto: Grafikk: Andre Håker, kilde Google / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt