Hopp til innhold

Såg husa sine bli knuste av bølgja

I byen Kamaishi gjekk tsunami-alarmen så tidleg at mange av innbyggjarane greidde å berge seg opp i høgda. Her vart dei vitne til at store delar av byen vart knust av tsunamien.

Video Berga av tsunami-sirenene

VIDEO: Såg heimane sine bli knust av bølgjene.

Det var enorme krefter i sving, og bilar og båtar vart tekne av vassmengdene som det skulle vere små leiker av plast. Mange måtte stå og sjå på at heimane deira vart totalt øydelagde av bølgjene.

Det er uklart kor mange som har mist livet i byen, men det at sirenene gjekk så kort tid etter jordskjelvet, gjorde at mange kom seg opp på trygge stader før tsunamien slo innover byen.

LES OGSÅ: – Trolig en av de verste katastrofene i historien

LES OGSÅ: Politisjef: – Ingen tvil om at minst 10 000 er døde i mitt område

LES OGSÅ: Vrakgods så langt øyet rekker

Video Slik rammet tsunamien Kamaishi

VIDEO: Tsunamien i Kamaishi frå ein annan vinkel

Det var sist fredag at katastrofen ramma den japanske Stillehavskysten nordaust for hovudstaden Tokyo. Det ekstremt kraftige jordskjelvet førde til ein tsunami, som var langt meir øydeleggjande enn sjølve skjelvet.

Bølgjene slo inn over byar og landsbyar langs ei kyststripe på fleire hundre kilometer. Meir enn 1800 menneske er stadfesta døde, men talet kjem til å stige kraftig.

Dødstalet er venta å overstige 10.000, melder det nasjonale kringskastingsselskapet NHK.

Det er ingen som har oversikt over talet på sakna, men det skal vere snakk om fleire titusen. Det er frykt for at katastrofen kan vise seg å bli like stor som etter tsunamien i Søraust-Asia jula 2004. Då miste 240.000 menneske livet.

LES OGSÅ: - Verste krisa sidan verdskrigen

LES OGSÅ: Alle savnede nordmenn i Japan er funnet

LES OGSÅ: – Folk føler seg helt maktesløse

LES OGSÅ: De ti mest ødeleggende skjelvene

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt