NRK Meny
Normal

Sabotasje stansa togtrafikken i Italia

Togtrafikken i store delar av Italia stansa opp i dag etter sabotasje mot ein togsentral like ved Santa Viola-stasjonen i Bologna. Transportminister Maurizo Lupi kallar det ei terrorhandling.

Demonstrasjon mot TAV i Italia.

Det har vore fleire store demonstrasjonar mot bygging av ei høgfartsline for tog mellom Torino og Lyon. Biletet er frå ein demonstrasjon i oktober.

Foto: OLIVIER MORIN / Afp

Statsråden legg skulda på ei valdeleg gruppe som prøver å hindre bygginga av ei TAV (Treno ad Alta Velocità) jernbaneline mellom den norditalienske byen Torino og den franske storbyen Lyon. Det er snakk om ei brannstifting som greidde å slå ut togkontrollen i store delar av landet.

Det er stor motstand mot den nye toglina, blant anna frå ein del radikale miljøvernarar.

– Ei ny terrorhandling

Det var eit liknande sabotasjeangrep mot høgfartslina mellom Roma og Firenze sist helg, men dette angrepet fekk langt mindre konsekvensar enn det som skjedde i Bologna i dag.

Demonstrasjon mot TAV i Italia.

Demonstrasjonane mot TAV i Italia har gitt seg mange utslag.

Foto: MARCO BERTORELLO / Afp

Transportminister Maurizio Lupi seier at fryktar dei stadig meir brutale metodane TAV-motstandarane tek i bruk for å stanse utbygginga av Torino-Lyon-lina.

– Det eg frykta skulle skje, har skjedd, ei ny terrorhandling mot TAV. Brannstiftinga i dag er ikkje noko anna enn terror, men dei kjem ikkje til å greie å hindre oss i å utvikle og modernisere Italia, sa Lupi i dag.

Statsminister Matteo Renzi ville på spørsmål frå det italienske nyheitsbyrået ANSA ikkje bruke ordet terrorisme.

– Følgjer utviklinga nøye

– La oss ikkje vekkje opp igjen uttrykk frå fortida, sa han i eit radiointervju i dag. Terror blir i Italia sterkt assosiert med den politiske valden som prega landet på 1970- og 1980-talet. Renzi understreka at regjeringa følgjer situasjonen rundt høgfartstog-protestane nøye.

Statsadvokaten i Bologna har starta etterforsking av sabotasjen mot jernbanesentralen i dag. Statsadvokat Roberto Alfonzo seier at han er sterkt uroa over det som har skjedd, men at det er for tidleg å trekkje ein konklusjon om det er snakk om terror eller ikkje.

Italias statsminister Matteo Renzi.

Italias statsminister Matteo Renzi ikkje bruke uttrykket terror om sabotasjen mot togsentralen i Bologna.

Foto: Herwig Prammer / Ap

Tidlegare i år gjekk ei militant gruppe som kallar seg NOA ut og oppmoda alle motstandarar av TAV-utbygginga til å delta i «den væpna kampen» mot italienske styresmakter.

Ekstremt anarkistmiljø

Politiet i Bologna gjorde husransakingar hos fleire kjende figurar frå eit ekstremt anarkistmiljø i byen, utan at nokon vart arrestert.

Det har vore fleire store demonstrasjonar mot høgfartslina mellom Torino og Lyon dei siste åra, og det har ofte kome til valdelege samanstøytar mellom demonstrantar og politiet. Direkte sabotasje er likevel noko nytt.

Motstandarane av TAV-lina mellom Torino og Lyon meiner at prosjektet er altfor dyrt, og at det blir gjort stor skade på miljøet i alperegionen Piemonte. Franske og italienske styresmakter seier på si side at eit høgfartstog mellom Torino og Lyon vil redusere biltrafikken betydeleg, som igjen vil vere ein stor miljøgevinst.

LES OGSÅ: 29 skadet i italiensk togkrangel

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt