Sabotasjane på telenettet måndag rammar både fibernettet, fasttelefon og mobiltelefon lokalt, ifølge styresmaktene.
Teleoperatørar i seks fylke i Frankrike er ramma av sabotering. Det opplyser ei kjelde tett på saka til den franske TV-kanalen TF1-LCI.
Meldinga kjem berre dagar etter at det franske jernbanenettverket og ei telemast blei utsett for sabotasje som førte til store trafikkproblem.
Politiet undersøker dei tre sabotasjehendingane knytt til det dei kallar venstreradikale motiv.
Uklart omfang
Det er særleg telekommunikasjonsselskapa SFR, Free og Bouygues som er ramma av sabotasjen måndag, skriv den franske avisa Le Parisien. Både fastnett- og mobilkundar skal vera ramma, i tillegg til utanlandske operatørar som bruker nettet til operatøren SRF.
Ei politikjelde opplyser til avisa at fiberoptiske kablar var kutta over.
Sabotasjen er utført i dei franske fylka Bouches-du-Rhône, Aude, Oise, Herault, Meuse og Drome. Hovudstaden Paris skal ikkje vera direkte ramma av sabotasjen, skriv Le Parisien.
Ifølge Frankrikes teletilsyn ARCEP, er 11.000 kundar er ramma, hovudsakleg hos operatørane SFR og Free. Det skriv Reuters.
Langdistansenettet til SFR, som har 25.00 kilometer med kablar over heile Frankrike, blir også brukt av andre mobiloperatørar som mellom anna Bouygues Telecom, Vodafone, Axione.
– Eg fordømmer desse feige og uansvarlege handlingane på det sterkaste, skriv statssekretær for digitalisering, Marina Ferrari, på X.
Le Parisien skriv at OL ikkje er påverka av sabotasjen på fibernettet på dette tidspunktet.
– Alle teama våre er mobiliserte for å gjenoppretta tilgangen, seier operatøren Free til avisa.
Politiet undersøker «venstreradikalt motiv»
Ei etterforsking var allereie starta etter at natt til fredag byrja å brenne i ei antenne i Haute-Garonne, i nærleiken av Toulouse.
Politiet meiner brannen var tent på. På antenna var det tagga «No J.O.», opplyser politiet.
«J.O.» er ei forkorting for «Jeux Olympiques» som betyr dei olympiske leikar på fransk.
Politiet undersøker det dei kallar eit «venstreradikalt og anti-olympisk», men det er ikkje utelukka at det også kan dreie seg om eit uhell, skriv Parisien.
Ei venstreradikal gruppe har tatt på seg ansvaret for hendinga, men påtalemakta i Toulouse seier samanhengen mellom gruppa og hendinga ikkje er fullstendig fastslått.
– Etterforskinga held fram, sa politiet sundag.
Sabotasjen på teleantenna natt til fredag er ikkje knytt til sabotasjehandlingane på telenettet måndag.
Éin arrestert for togsabotasje
Det er politiet i Paris som etterforskar sabotasjehendingane på telenettet og på jernbanen, skriv TF1.
Franske styresmakter meiner mykje tydar på at venstreradikale personar sto bak sabotasjehandlingane som ramma hurtigtogsnettverket TGV før helga.
Sundag blei ein mann arrestert på eit SNCF-anlegg i Oissel (Seine-Maritime) i samanheng med sabotasjen, ifølge ei politikjelde sitert av AFP.
– Ein venstreradikal aktivist er arrestert i samanheng med sabotasjeangrepet på Frankrikes høghastigheitstog sist fredag, stadfesta innanriksminister Gerald Darmanin på X måndag.
Mannen hadde med seg tilgangsnøklar til SNCF sitt tekniske anlegg, avbitartong og eit sett med universalnøklar, skriv Le Parisien.
Over 800.000 reisande blei ramma av kansellerte tog og forseinkingar som følge av togsabotasjen.