NRK Meny
Normal

Sa ja til Netanyahu-regjering

Sentralkomiteen i det israelske arbeidarpartiet har sagt ja til å gå inn i regjeringa til Likud-leiaren Benjamin Netanyahu.

Ehud Barak fekk det som han ville i Sentralstyret.

Ehud Barak fekk støtte frå sentralstyret i det israelske arbeidarpartiet.

Foto: DAN BALILTY / AP

Det er fleire israelske fjernsynskanalar som melder dette i kveld.

Det var knytt stor spenning til avgjerda i sentralstyret, etter at det vart klart at partiet er sterkt splitta i denne saka.

Tidlegare i dag gjekk partileiar og forsvarsminister Ehud Barak inn ein avtale med Netanyahu om å gå inn i regjeringa.

LES OGSÅ:

Avtale mellom Netanyahu og Barak

Fleirtal i Knesset

Benjamin Netanyahu

Bejamin Netanyahu er Israels neste statsminister.

Foto: Bernat Armangue / AP

Barak sjølv skal halde fram som forsvarsminister, og partiet får også minst fire andre statsrådar i regjeringa.Dermed har Netanyahu støtte frå 66 av dei 120 representantar i det nye Knesset, og han kan setje saman ei fleirtalsregjering.

Men regjeringa er sett saman av parti som etter kvart kan få store problem med å samarbeide.

Mange i det israelske arbeidarpartiet reagerte sterkt på at Barak tidlegare i dag inngjekk ein avtale med Netanyahu.

Fleire av partiet sine representantar i Knesset sa at dette var eit politisk sjølvmord for partiet, og at Barak gjorde det berre på grunn av sine eigne ambisjonar om å halde fram som forsvarsminister.

Det var høg temperatur på sentralkomitemøtet i Tel Aviv i kveld, men Barak fekk altså til slutt støtta han trengde for å halde fram i regjeringsposisjon. 650 røysta for å delta i regjeringa, medan 507 røysta i mot.

Fredsprosess

Og det blir ei spesiell regjering. Benjamin Netanyahu har tidlegare sagt at han ikkje er interessert i å arbeide for ein avtale om ei tostatsløysing med palestinarane, men Barak skal ha fått lovnad om at han har skifta meining.

Ehud Barak seier at det faktum at arbeidarpartiet no går inn i den israelske regjeringa, vil sikre at det framleis vil vere liv i fredsprosessen med palestinarane

I tillegg til Likud og arbeidarprtiet i regjeringa skal også det ultrareligiøse Shas-partiet delta saman med det ytterleggåande høgrepartiet Yisrael Beitenu.

Partileiaren Avigdor Lieberman har blant anna har gått inn for at israelske arabarar skal tvingast til å bli statsborgarar i ein ny palestinsk stat.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt