Hopp til innhold

Konglene spreidde brannen – no kjem hetebølgja til Hellas

Dimitris sitt hus er totalvraka etter skogbrannen i Athen. Den skiftande vinden, samt gnistrande furutre, gjer det vanskeleg å vita kvar brannen spreier seg vidare.

Dimitri mistet huset i skogbrann i Hellas

Huset til Dimitris brann ned då skogbrannen spreidde seg til nabolaget hans i Penteli.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Ein gnist frå eit tre blir plutseleg til ein brann i eit anna. Vinden skiftar stadig retning. Det har redda ein del hus, men også gjort det vanskeleg å vita kva retning brannen tar.

Dei lokale seier dei to siste somrane har vore verre, sjølv om det er varmt og det ikkje har regna ordentleg sidan mai.

Det betyr ikkje at det ikkje har påverka folk.

Luktar framleis røyken

Fleire brannar har oppstått i løpet av sommaren. Tysdag starta ein skogbrann på fjellet Penteli nord for Athen. I fjellsidene har folk bygd hus til dyre summar.

Olga Theodosopoulou utanfor døra si i forstaden Penteli, Athen.

Olga Theodosopoulou og familien blei evakuere.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Olga Theodosopoulou (32) og familien var nokon av dei første som blei evakuerte. Brannen var berre nokon meter frå huset deira.

Dei tok i bruk hageslangen og brukte vatnet frå bassenget for å fukta hus og plantar. Heldigvis for familien flaug flammane forbi huset deira.

Brannvesenet fekk brannen under kontroll i går, men framleis kan ein kjenna lukta av røyk.

Olga var innom i huset etter brannen blei sløkt. Frå huset hentar ho også nokon ting som dei ikkje fekk tid til å ta med tidlegare.

Ho vil ikkje flytta inn igjen heilt ennå.

– Eg har små barn, og vil ikkje dra tilbake før me har vaska vekk oska og røyken har lagt seg.

Aske ved bassenget til Olga i Penteli.

Aske frå brannen rett ved huset til Olga i Penteli. Dei brukte vatnet frå badebassenget til å fukta hus og plantar, slik at flammane ikkje skulle ta det.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Litt lenger ned fjellet blei ein barneheim evakuert tysdag kveld. Flammane var like i nærleiken, men alle kom seg i tryggleik.

Bygningen blei spart frå elden då vinden snudde.

Barna har framleis ikkje fått koma tilbake.

Spreier seg via furutre

Litt lenger sør for Penteli, ligg forstaden Pallini. Brannen som starta på tysdag spreidde seg raskt frå den eine hagen til den andre. Sakis står i hagen og rakar vekk brente furukongler og greiner.

Han fortel at brannen spreidde seg så fort at brannvesenet ikkje hadde sjanse til å stoppa han.

– Det gjekk i 110 kilometer i timen. Det tok eit sekund før brannen hadde spreidd seg frå der til der, seier Sakis og peikar frå den eine hagen til den andre.

Sakis Hellas brann

Sakis fortel at brannen spreia seg så fort at brannvesenet ikkje kunne stoppa han

Branner i Hellas

Sakis mista mykje i brannen

Branner i Hellas

Når brannen når furutrea, fungerer konglene som flammebomber. Slik spreiar brannen seg frå ein flekk til ein annan.

Pose med sitroner i Pentelli nord for Athen

Sakis samla saman ein pose sitronar som elden ikkje fekk

Brann herjer nord for Athen i Hellas. En av de rammede er Sakis.

Sakis frå Pentelli

Huset fekk stå i fred, med nokon meters margin. Fikentreet, granatepletreet og oliventreet fekk derimot juling.

– Furutrea er problemet, seier han.

Når brannen når trea, slår konglene ut med gnistar vidare til ein ny flekk.

Han er ikkje særleg overraska.

– Me øydelegg planeten vår sakte, men sikkert. Så lenge folk misbrukar jorda, ser det ikkje bra ut for planeten vår, seier han.

På plenen, ved sida av den brente hageslangen, har han samla saman ein pose sitronar som elden ikkje fekk.

– Dette er Hellas

Litt lenger opp i gata står Dimitris på utsida av huset sitt. Han brukar vasslangen på ein flekk som framleis røykar.

Dimitris og hunden hans mistet huset sitt i brann utenfor Athen.

Dimitris veit ikkje kva han får tilbake på forsikringa.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Han er oppskaka. Sint.

– Eg veit ikkje kva eg får tilbake på forsikringa og eg veit ikkje kor lang tid det vil ta.

Men han reknar med at han må stå for oppbygginga av huset sjølv.

– Dette er Hellas, seier han.

Han bur i huset saman med familien på ni. Heile kvelden jobba han med å få alle ut. Også hunden Bella og katten. Torsdag jobbar han med å sikra at brannen ikkje blussar opp igjen.

Huset til Dimitirs.

Heile huset til Dimitris er totalvraka. Han gjev ingen lov til å gå inn fordi det er fare for at taket fell ned.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Huset er nedbrent. Dimitris vil ikkje gå inn, eller sleppa andre inn.

– Det er fare for at taket dett ned.

To journalistar frå ein lokal TV-stasjon kjem forbi. Dei spør om dei kan intervjua han føre kamera.

– Eg vil ikkje snakka med dykk. Eg er så sint, eg er redd for å banna.

Nye brannar oppstår

Sør for demokratiets fødestad, i byen Megara, har dei også fått kontroll på brannen som oppstod i går.

Nedbrente trær utenfor Athen i Hellas

Ein liten brann igjen i eit tre etter ein skogbrann i Megara, sørvest for hovudstaden Athen i Hellas.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Ifølge innbyggjarane fekk brannvesenet raskt kontroll på brannen i år. I fjor brann det i tre dagar i strekk. Helikopter og fly flyr fram og tilbake mellom sjøen og fjella.

Torsdag kveld byrja det å brenna i eit industriområde vest for Athen. Folk i nærleiken fekk beskjed om å lukka vindauga og døra på grunn av giftstoff i røyken. Ein kunne sjå skya frå fleire kilometers avstand.

Gutegjengen Giorgios, Kostos, Angelos, Giorgios, Banagiotis og Nikos var ute og leika i området då dei såg den store røykskya i nabolaget sitt.

– Kva tenkte de då de såg han?

– Me var ikkje så veldig redde, for det var masse politi- og brannfolk som kom.

Men dei blei veldig nysgjerrige.

– Det såg veldig kult ut med all røyken, fordi sola var akkurat der, seier han eine og viser at sola var på veg ned.

Branner i Hellas

Giorgios, Kostos, Angelos, Giorgios, Banagiotis og Nikos seier dei ikkje blei redde.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Hetebølge på veg inn

Lokale medium melder at hetebølga er på veg inn mot Hellas. Fram til no har sommaren eigentleg vore kjøligare enn vanleg.

Temperaturen har låge under 40 grader store delar av sommaren.

Ein frå ambulanseteamet fortel at dei som har blitt skadde, så vidt han veit, er brannfolka sjølve. Då har det gått i røykforgitfning og brannskadar.

Så langt i år har ingen menneske mista livet til brannane. Ein eldre mann i 80-åra tok livet sitt då huset hans gjekk opp i brann for tredje gong, ifølge eit lokalt medium.

Om menneskeliv går tapt eller ikkje er litt tilfeldig, fortel ambulansemannen.

Russland har nå erklært fire ukrainske områder som russiske

Russlands president gjorde fredag alvor av trusselen om å tvangsinnlemme store deler av Ukraina i Russland. Dette møtes med voldsom internasjonal fordømmelse.