Hopp til innhold

Russland sender 10.000 soldatar til den ukrainske grensa

Russiske soldatar strøymer no til grensa til Ukraina, etter fleire dagar med kampar i Aust-Ukraina. 60 menneske er drepne i løpet av helga og 70.000 har flykta frå området.

Russia Ukraine

To russiske pansra personalkøyretøy var i går på veg til den russiske byen Donetsk, som har same namn som den ukrainske storbyen, som fleire tusen no har flykta frå.

Foto: Sergei Pivovarov / Ap

Ukraine

Ukrainske soldatar har den siste veka vunne kontroll over fleire byar, men mange har også mista livet i kampane.

Foto: Evgeniy Maloletka / Ap
UKRAINE-CRISIS A pro-Russian separatist waits after escorting his family on a bus for Rostov-on-Don in Russia, in Donetsk

Ein pro-russisk separatist har nettopp sett familien sin på buss ut av Donetsk. Han blir verande for å kjempe.

Foto: MAXIM ZMEYEV / Reuters
UKRAINE-CRISIS/ A pro-Russian separatist waits as he escorts his family to a bus for Rostov-on-Don in Russia at a collection point in the eastern Ukrainian city of Donetsk

70.000 menneske skal vere på flukt etter kampar i Aust-Ukraina, ifølgje lokale styresmakter.

Foto: MAXIM ZMEYEV / Reuters

I midten av juni trakk Russland tilbake dei fleste av dei 40.000 soldatane som dei tidlegare hadde stasjonert ut ved grensa til Ukraina. Berre 1.000 soldatar stod att etter tilbaketrekkinga. No melder ein NATO-tenestemann at rundt 10-12.000 russiske soldatar er på veg tilbake til grensa etter harde kampar i helga.

Mange drepne

Minst 60 personar skal ha blitt drepne i helgas kampar mellom ukrainske og pro-russiske styrker, og minst 20 av dei skal vere sivile.

I dag kjem meldingane om at eit militært ukrainsk transportfly er skoten ned av ein rakett, og ukrainars forsvarsminister seier raketten sannsynlegvis vere skoten opp frå Russland.

Ein mann skal også ha blitt drepen på russisk side av grensa, hevdar russiske styresmakter. Mannen skal ha blitt treft av ein granat som vart sendt frå den ukrainske sida. No trappar Russland opp sin innsats, og det er på ny frykt for russisk invasjon i Aust-Ukraina.

I Kiev hevdar at russiske separatiststyrker med vilje stiller seg nær den russiske grensa, slik at rakettar som vert skutt mot dei kan hamne inne på russisk territorium. Dette er påstandar som Russland kallar for våsete.

Skuldar Russland for innblanding

Ukrainske styrker har den siste veka vunne tilbake kontrollen over fleire ukrainske byar i ein offensiv dei har hatt mot opprørsstyrkane, og den nyvalde presidenten i Ukraina, Petro Porosjenko, har truga med å drepe fleire hundre opprørarar for kvar ukrainske soldat som mister livet.

I dag skuldar Porosjenko Russland for å blande seg inn i konflikten.

– Dei tre siste dagane har eit nytt russisk rakettsystem blitt brukt mot ukrainske styrker. Informasjon me har stadfestar også at militært russisk personell tek del i operasjonane mot ukrainske styrker, seier Petro Poroschenko.

– 70.000 på flukt

Lokale styresmakter hevdar at så mange som 70.000 av dei 900.000 menneska som bur i regionen er på flukt, og nyheitsbyrået AFP omtalar storbyen Donetsk som ein «spøkelsesby».

Russlands president, Vladimir Putin, og forbundskanslar i Tyskland, Angela Merkel var i går i samtaler i Rio de Janeiro, i samband med finalen av årets fotball-VM.

Der vart dei einige om at situasjonen i Aust-Ukraina er urovekkande, og at dei skal jobbe for å få til nye fredssamtaler mellom partane så snart som mogleg. Merkel bad også Vladimir Putin om å påverke dei pro-russiske styrkane til å inngå i fredssamtaler.

I dag har russiske styresmakter bedt Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) om hjelp til å halde eit auge med grensa mellom dei to landa.

– Som ei velvillig handling, og utan å vente på at ei våpenkvile skal bli sett i verk, så vil Russland invitere OSSE til å sende observatørar til grensestasjonane ved Gukovo og Donetsk, heiter det i eit presseutsegn frå det russiske utanriksdepartementet.

– Kan bli alvorleg

Førsteamanuensis i russisk ved Universitetet i Bergen, Martin Paulsen, følger situasjonen tett og seier at den nye utviklinga kan føre til ein alvorleg situasjon.

– Det som no er nytt er at rakettar byrjar å fly over grensa mellom Russland og Ukraina, eller i alle fall at begge sider hevdar det. Det er eit nytt element i konflikten, og kan føre til at det vert endå meir alvorleg, seier Martin Paulsen.

Paulsen meiner Ukraina si store utfordring er å få gjennomført ein aksjon så raskt som mogleg, utan at det provoserer fram handling frå russisk side.

– Dei må få gjennomført ein rask og effektiv «anti-terrorist-aksjon», som dei sjølve kallar det, for å ikkje gi separatistane moglegheit til å ta grep om makta, og samstundes må dei ikkje gi folket i Aust-Ukraina kjensla om at dei er overlatne til seg sjølve, seier Paulsen.

SISTE NYTT

Siste nytt