NRK Meny
Normal

Russlands «diplomatiske meister» er død

Den russiske FN-ambassadøren Vitalij Tsjurkin døde brått i New York måndag. Tidlegare kollegaer meiner han var ein viktig brubyggjar mellom USA og Russland.

Vitaly Churkin

DIPLOMAT: Vitalij Tsjurkin har vore Russlands FN-ambassadør i over ti år.

Foto: Richard Drew / AP

Dødsfallet vert skildra som «uventa», men det russiske utanriksdepartementet har førebels ikkje sagt noko om dødsårsaka. Ifølgje viseambassadør Vladimir Safronkov vart Tsjurkin plutseleg sjuk medan han var på jobb, og vart send til sjukehus.

– Ei intellektuell stjerne

Russlands president Vladimir Putin sørger over tapet av "ein høgt verdsett diplomat", skriv BBC. Det kjem også kondolansar frå tidlegare kollegaer i FN.

Tidlegare generalsekretær i FN, Ban Ki-moon, skriv i ei pressemelding at han er sjokkert og trist etter å ha fått nyheita om det plutselege dødsfallet.

Russlands FN-ambassadør Vitalij Tsjurkin

ENGASJEMENT: Tsjukin vert omtalt som ein svært engasjert diplomat, og ei viktig stemme i Tryggingsrådet.

Foto: Osamu Honda / Scanpix/AP

– I løpet av mine ti år som generalsekretær i FN var det eit privilegium å jobbe med ambassadør Tsjurkin, og sjå han representere Russland med stor lidenskap og dedikasjon. Han var ein eineståande diplomat og ei intellektuell stjerne, seier Ban.

Også den sitjande generalsekretæren, António Guterres, skildrar Tsjurkin som ein eineståande diplomat, og seier at han vil bli sakna.

Ville betre forholdet til USA

USAs tidlegare FN-ambassadør Samantha Power, som har hatt fleire skarpe ordvekslingar med Tsjurkin i Tryggingsrådet, seier at ho er knust etter å ha fått nyheita..

– Han var ein diplomatisk meister som gjorde alt han kunne for å byggje bru mellom USA og Russland, skriv ho på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Ho får støtte frå Storbritannias FN-ambassadør Matthew Rycroft, som omtalar Tsjurkin som "ei diplomatisk kjempe".

Rycroft skriv på Twitter at det ikkje vert det same å diskutere Syria og Ukraina i Tryggingsrådet utan Tsjurkin.

Frankrikes FN-ambassadør, François Delattre, seier at det fransk-russiske samarbeidet var tufta på venskap og gjensidig respekt, sjølv om dei ikkje alltid var samde.

Tsjurkin har vore russisk FN-ambassadør sidan 2006, og er den som har sete lengst som medlem i FNs tryggingsråd. Han vart 64 år gamal.

Laster Twitter-innhold
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt