Hopp til innhold

Russland: – USA har drive spionasje i landet vårt

Den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov seier at amerikanske diplomatar har drive spionasje i landet.

Sergej Lavrov sitter foran et russisk flagg på en pressekonferanse

Sergej Lavrov hevdar at amerikanske diplomatar har drive spionasje i Russland.

Foto: NATALIA KOLESNIKOVA / Afp

Det var under ei pressekonferanse tysdag morgon at Sergej Lavrov kom med utspelet om dei amerikanske diplomatane.

– Dei amerikanske diplomatane har til tider drive spionasje også i forkledning, sa Lavrov.

Utanriksministeren meiner også at den amerikanske etterretningstenesta har prøvd å rekruttere høgtståande russiske diplomatar.

På pressekonferansen seier Lavrov at han håpar representantar frå Trump-administrasjonen vil vere tilstades ved dei syriske fredsforhandlingane i Kasakhstan, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Utviste 35 russiske diplomatar

I slutten av desember utviste USA 35 russiske diplomatar frå landet etter at avsløringane om hacking under valkampen og trakassering av amerikanske diplomatar i Moskva.

– Alle amerikanarar bør vere uroa for Russlands handlingar. I oktober publiserte vår administrasjon vurderinga av at Russland har forsøkt å blande seg inn i den amerikanske valkampen. Denne verksemda kunne berre ha vore leidd frå dei høgste nivåa i den russiske regjeringa, sa Obama den gong.

Les utspelet frå Obama her.

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov sa då ifølgje Interfax at sanksjonane verkar mot sin hensikt og vil skade forholdet mellom de to landa.

Obama og Putin i september 2015.

Det er for tida dårleg stemning mellom USA og Russland. Biletet vart tatt under eit møte i 2015.

Foto: Reuters File Photo / Reuters

Hackerangrep

FBI, CIA og andre etterforskingsorgan har konkludert med at Kreml stod bak hackerangrep mot Det demokratiske partiet og valkampanjen deira i forkant av valet 8. november.

17 ulike amerikanske etterretningsorganisasjonar hevdar at den russiske staten skal ha gitt klarsignal til hacking av serverar under valkampen.

Etterforskarane meiner dette vart gjort for å hjelpe den republikanske kandidaten Donald Trump med å vinne valet.

SISTE NYTT

Siste nytt