I fråsegna vert det også sagt at tyrkiske selskap kan miste delar av den russiske marknaden. Og i går åtvara Russlands president, Vladimir Putin, mot å reise som turist til Tyrkia.
Gassamarbeid mellom Tyrkia og Russland
Presidenten åtvara også om at nedskytinga av jagarflyet ville få alvorlege konsekvensar for Tyrkia, og han sa at angrepet er som å bli «dolka i ryggen».
Dei to landa samarbeider på nokre punkt, og Tyrkia får mellom anna store forsyningar av gass frå Russland. Og det er venta at denne tyrkiske avhengnaden av russisk gass kan opne for at russarane svarer ved hjelp av mjuke middel.
Tyrkias president, Recep Tayyip Erdogan, forsvarer i dag nedskytinga men seier at Tyrkia ikkje ønskjer ei konfliktfull eskalering.
Kommandørkaptein og leiar for Forsvarets høgskole, Per Christian Gundersen, meiner at risikoen er liten for at Russland vil svare på nedskytinga ved hjelp av våpen.
- LES OGSÅ:
Gundersen legg til at han synest Tyrkia si tolking av tryggleik for eige territorium er særs streng om det stemmer at flyet har tatt den ruta som tyrkarane seier. Eit jagarfly vil bruke mellom 20 og 30 sekund på å krysse strekninga, seier kommandørkapteinen.
I biletet over viser den raude streken kor Tyrkia meiner at flyet har floge. Medan den lyseblå streken viser grensa mellom Syria og Tyrkia. Tyrkia meiner flyet kryssa ein liten tupp av landet, medan Russland nektar for dette.
– Dei vil aldri bli einige
Gårsdagens nyheit vekker også merksemd hos kommentatorar og ekspertar over heile verda. CNN sin kommentator, Frida Ghitis, meiner at det er vanskeleg å la vere å tenkje på ein tredje verdskrig når ein høyrer nyheitene frå grensa mellom Syria og Tyrkia.
- LES OGSÅ:
Medan tidlegare Nato-ambassadør for USA, Kurt Volker, meiner at Russland og Tyrkia aldri kjem til å bli einige om kven som er ansvarlege. Det seier han til BBC.
– Det er viktig for Russland å verne om si verklegheitsoppfatning om at dei ikkje krenka tyrkisk luftrom, og det er viktig for Tyrkia å verne om si verklegheitsoppfatning om at russarane gjorde det, seier Volker.
Han trur begge land vil krevje gransking, og deretter prøve å unngå at liknande hendingar kan skje på ny. Volker trur også at begge land etter kvart vil konsentrere seg om Syria, fordi ingen av landa er interesserte i ein konflikt med kvarandre.
I går sa NUPI-forskar Karsten Friis til NRK at han fryktar at Nato kan bli trekte inn i ein krig med Russland, fordi Tyrkia er eit Nato-medlemsland.