Hopp til innhold

Russland undersøkjer ny respiratormodell etter dødsbrannar

Ein ny type respirator frå Russland, som også har vorte sendt til USA, vert undersøkt etter to sjukehusbrannar der slike pustemaskiner har vore i bruk. Seks pasientar døydde.

Teknisk undersøkelse etter sykehusbrann som kan ha startet i respirator i St. Petersburg i Russland. Respiratoren var nylig tatt i bruk.

ETTERFORSKING: Åstaden for brannen på sjukehuset St. George i St. Petersburg vert undersøkt etter at fem covid-19-pasientar er døde. Fire av dei var kopla til respirator. Det vert no sjekka om plutselege og eksplosjonsarta brannar i ein ny modell kan vere årsaka.

Foto: Dmitry Lovetsky / AP / NTB Scanpix

Den siste brannen var tysdag i St. Petersburg, ved sjukehuset St. George, som behandlar covid-19-pasientar. Ifølgje Reuters var det fem pasientar som omkom i brannen, inkludert fire personar på ein intensiveining.

Øvste leiar ved sjukehuset, doktor Valerij Stritsjeletskij, opplyser at ein av legane på intensiveininga stod rett ved ein respirator som braut ut i flammar.

Respiratorane var installerte berre 10 dagar tidlegare. Den russiskproduserte pustemaskina vert brukt i behandlinga av dei alvorlegaste tilfella.

Ei liknande hending, med den samen respiratormodellen, er rapportert inn frå sjukehusbrannen i Moskva sist laurdag, der éin person døydde og fleire hundre vart evakuerte. Også dette på eit sjukehus som behandlar covid-19-pasientar.

Vert granska

Det russiske helsetilsynet Roszdravnadzor opplyser at det no skal granske kvaliteten og tryggleiken på respiratorane ved dei to sjukehusa.

På sjukehuset i St. Petersburg er bruken av den spesifikke modellane stansa inntil vidare.

Minst to andre regionar i Russland har opplyst at dei har stoppa bruken av ventilatormodellane, medan produsenten manar til ro og ber folk avstå frå å trekkje forhasta konklusjonar.

Respiratoren det er snakk om heiter Aventa-M. Dei vart mellom anna sende til USA i byrjinga av april.

Det blir ikkje opplyst kor mange pustemaskiner som vart sendt til USA. Modellen er produsert av eit russisk firma som er under sanksjonar frå USA sidan 2014, og som amerikanske selskap og statsborgarar derfor ikkje skal handle med.

Ifølgje nettavisa Buzzfeed stadfestar delstatane New York og New Jersey at dei fekk høvesvis 30 og 15 av respiratorane i kasser påstempla «From Russia, with love», men ingen skal ha vorte brukte.

I New York vart dei aldri pakka ut og brukt fordi det viste seg å ikkje vere behov, medan i New Jersey oppdaga styresmaktene at dei russiske modellane faktisk ikkje kan brukast, fordi dei er konstruerte for 220 volt, slik vi har i Noreg, medan ein i USA opererer med elektrisk utstyr laga for 110 volt.

USA returnerer respiratorar

Russiskproduserte respiratorar blir no sende tilbake frå alle delstatar til etaten for krisehandtering i USA.

Det er den føderale etaten for krisehandtering (Fema) som opplyser at respiratormodellen Aventa-M blir sendt tilbake, ifølgje Reuters.

– Respiratorar sendt av Russland til USA av same modell som er rapportert å ha forårsaka to dødsbrannar i russiske sjukehus, vart aldri brukt i USA, uttaler Fema tysdag.

Aventa-M-respiratorane blir knytt til i alt seks dødsfall i dei to brannane i St. Petersburgh og Moskva.

Ifølgje talsperson Janet Montesi vart respiratorane aldri sendt til sjukehus i USA.

– For å vere på den sikre sida, sender delstatane respiratorane tilbake til Fema no, opplyser Montesi i ei pressemelding tysdag.

SISTE NYTT

Siste nytt