Hopp til innhold

Russland stansar FN-resolusjon

Russland vil ikkje røyste over eit britisk forslag som opnar for maktbruk mot Syria før FN-inspektørane i landet har levert sin rapport.

Lavrov

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov vil utsetje avrøystinga i FN til inspektørane i Syria er ferdige med arbeidet sitt.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / Afp

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov sa dette til sin britiske kollega William Hague i kveld.

Det har i dag vore konsultasjonar mellom dei faste medlemslanda i Tryggingsrådet om det britiske forslaget til resolusjon. Dei faste medlemslanda, som alle har vetorett, er USA, Storbritannia, Frankrike, Russland og Kina.

Uklart om avrøysting

William Hague seier at samtalane i FN vil vare i fleire dagar. Den britiske regjeringa har også gjort det klart at det ikkje blir snakk om å gå til angrep på Syria før FN-inspektørane har levert sin rapporten sin.

Talskvinne for amerikansk UD, Marie Harf, seier i kveld at forhandlingane i Tryggingsrådet har stranda på grunn av Russlands sta haldning.

– Dette forslaget kjem ingen veg, fordi Russland held fram motstanden sin mot alle meiningsfulle handlingar mot Syria frå Tryggingsrådet, seier ho.

Harf skuldar Russland for å torpedere alle forsøk på å gjere noko med situasjonen i Syria, og viser til at landet tre gonger tidlegare har lagt ned veto mot resolusjonar som handlar om Syria. Ho tvilar på at Tryggingsrådet er rette staden for å finne ei løysing på den to år gamle borgarkrigen i Syria.

LES OGSÅ: Samlet storting om Syria-krisen: – Ingen bidrag uten FN-vedtak

LES OGSÅ: – Alt blekner mot konsekvensene av et angrep på Damaskus

– Rapport er avgjerande

Sergej Lavrov sa i telefonsamtalen med William Hague i kveld at det er heilt avgjerande at FN-inspektørane, som har undersøkt området der det vart brukt kjemiske våpen for ei veke sidan, blir ferdig med arbeidet og har rapportert til FN.

Samstundes skuldar den syriske FN-ambassadøren Bashar Ja'afari opprørsstyrkane for ved fleire høve å ha brukt kjemiske våpen, og han krev at FN granskar også desse angrepa. Han viser til datoane 22.-, 23.- og 24. august, der ifølgje FN-ambassadøren, syriske regjeringssoldatar pusta inn giftig gass.

Tidlegare i dag sa ein FN-talsmann at inspektørane som er i Syria for å undersøkje påstandane om bruk av kjemiske våpen, blir trekte ut seinast fredag.

LES OGSÅ: Kjemisk angrep kan ha vært tabbe

LES OGSÅ: – FN trenger fire dager i Syria

SISTE NYTT

Siste nytt