Hopp til innhold

Demning øydelagd i Ukraina: Ekspert meiner Russland har gitt opp offensive ambisjonar

Kakhovka-demninga i Kherson-regionen blei øydelagt natt til tysdag. Begge sider av krigen skuldar på kvarandre for øydeleggingane.

Denne dronevideoen, som er delt av Volodymyr Zelenskyj på Twitter, skal vise den ødelagte demningen.

Denne dronevideoen, som er delt av Volodymyr Zelenskyj på Twitter, viser den øydelagde demninga.

Dersom det er Russland som står bak demningsbresten, har dei «fullstendig gitt opp alle offensive ambisjonar vidare inn i Ukraina».

Det meiner hovudlærar ved seksjonen for landmakt på Krigsskulen, Palle Ydstebø.

– Iallfall på den kanten av landet. For då har dei ikkje sjølv høve til å kome seg vidare over, seier han til NRK.

– Det kan jo indikere at Russland sjølve vurderer at dei ikkje er i stand til offensivar i føreseieleg framtid, og då skal lage best mogleg forsvarsstillingar på sørsida av landet.

Ifølge den ukrainske presidenten starta vatn å strøyme ut av vassmagasinet klokka 3.50 norsk tid.

Videoar på sosiale medium, blant anna ein delt av president Volodymyr Zelenskyj, viser store skadar på demninga, som ligg på tvers av elva Dnipro saman med eit vasskraftverk.

Ukrainske styresmakter hevdar at 16.000 menneske held til i den «kritiske flaumsona», og at fleire landsbyar er råka.

Skuldar på kvarandre

Russland har skulda Ukraina for å ha sprengt demninga med ein rakettoppskytar, medan ukrainske styresmakter hevdar russarar har sprengt den frå innsida.

Palle Ydstebø

Øydeleggingane på demninga må ha skjedd med sprengstoff, meiner Ydstebø.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ydstebø seier han har sett video av «eit gap på hundre, to hundre meter», og meiner dette er bevis på ei førebudd sprenging med ganske store mengder sprengstoff.

– Det er ikkje noko som tilfeldigvis har skjedd i eit angrep med artilleri eller med kryssermissil eller noko. Dette er godt sprengingsarbeid.

– Russland hevdar no er at det er som følge av kampar i området.

– Det er berre tull, for å seie det på godt norsk. Det er ikkje mogleg.

Demninga ligg ved eit kraftverk og demmer opp Kakhovka-magasinet, er 3.2 kilometer lang og 30 meter høg.

Den inneheldt drygt 18 kubikk-kilometer med vatn. Det ein tredel av mengda ein finn i Mjøsa, og nok til å forsyne heile det norske folk 50 år framover i tid.

Russiske styresmakter hevda seint tysdag morgon at hola i demninga framleis vaks seg større.

Erklærte naudtilstand

Nova Kakhovka i den russisk-kontrollerte delen av Kherson-regionen har erklært naudtilstand i heile provinsen som følge av flaumane.

Alle 600 husa i byen Nova Kakhovka skal vere overfløymde, melder russiske naudetatar i det området.

Arbeidet om å evakuere bebuarane går framleis føre seg. Minst 300 menneske skal ha kome seg i tryggleik.

Opplysingane er ikkje verifiserte frå uavhengig hald.

Det ukrainske militæret seier at bresten ikkje kjem til å hindre den ukrainske offensiven, sjølv i områda der vasstanden har stige.

Les også – Ingen stor fare for atomkraftverket

atomkraftverk Ukraina

Kan bli opptil 12 meter

Vassnivået skal ha stige med ti meter sidan bresten starta, og kollapsen har heldt fram utover morgonen hevdar russiske statlege medium.

Dei seier dei ventar at vassnivået kan bli opptil 12 meter høgt, og halde fram med å stige dei neste tre døgna.

Det statlege vasskraftbyrået i Ukraina hevdar at også kraftverket ved demninga er råka av ein eksplosjon i turbinrommet, ifølge Reuters.

-

Fleire område i Kherson er overfløymde tysdag morgon.

Foto: SERGIY DOLLAR / AFP

– Okkupantane sprengde demninga til Kakhovka-magasinet i panikk. Dette er ei openberr terrorhandling og eit krigsbrotsverk, skriv det ukrainske militæret i eit utsegn på meldingsappen Telegram.

FN sitt atomtilsyn sa tysdag at det såg «ingen umiddelbar risiko for tryggleiken» ved Europa sitt største atomkraftverk i Ukraina.

Nato-sjef: – Set tusenvis i fare

Generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg, seier angrepet «igjen viser Russland sin brutalitet i krigen i Ukraina».

Norway NATO Foreign Ministers

Nato-sjef Jens Stoltenberg.

Foto: Sergei Grits / AP

– Øydelegginga av Kakhovka-demninga i dag set tusenvis av sivile i fare og forårsakar store miljøskadar. Dette er ei opprørande handling.

Tysk statsminister Olav Scholz seier angrepet på demninga utgjer «ein ny dimensjon» av korleis Putin kjempar i krigen.

– Dette er noko som passar inn med mange av de kriminelle handlingane vi har sett utførte av russiske soldatar i Ukraina.

– Det er del av ei krigføring som angrip sivile mål – landsbyar, tettstader, sjukehus, skular.

Også den britiske utanriksministeren, James Cleverly, har kommentert hendinga.

Han seier det er «eit krigsbrotsverk» å målretta angripe sivil infrastruktur, og at angrepet er «ei ufyseleg handling».

Berre for eit par veker sidan var det flaumar i området over demninga. Dei lokale styresmaktene sa då at magasinet var overfylt:

Ihor Medunov vasser i flomvann på en øy nær Zaporizhzhia i Ukraina, 20. mai 2023. Ukrainske myndigheter sier området var oversvømmet på grunn av at Russland hadde kontroll over Kakhovka-demningen

FLOM: Sent i mai viste Ihor Medunov en fotograf fra Reuters at huset hans på en øy i vannreservoaret over Kakhovka-demningen var oversvømt.

Natalia Medunova serverer kaffe mens hun vasser så flomvannet plasker rundt beina, på en øy nær Zaporizhzhia i Ukraina, 20. mai 2023. Ukrainske myndigheter sier området var oversvømmet på grunn av at Russland hadde kontroll over Kakhovka-demningen

Natalia Medunova, som er gift med Ihor, serverte kaffe med vannet plaskende rundt vadebuksene.

Foto: Bernadett Szabo / Reuters
Ihor Medunov sitter med føttene i vann på sommerkjøkkenet sitt på en øy nær Zaporizhzhia i Ukraina, 20. mai 2023. Ukrainske myndigheter sier området var oversvømmet på grunn av at Russland hadde kontroll over Kakhovka-demningen

Paret fortsatte dagliglivet så godt de kunne, på samme måte som naboene, mens vannet steg faretruende.

Medunov ror båten sin over en på en øy nær Zaporizhzhia, 20. mai 2023. Ukrainske myndigheter sier området var oversvømmet på grunn av at Russland hadde kontrollen over Kakhovka-demningen.

Ukrainske myndigheter sa at flommen skyldtes Russlands (manglende) kontroll over Kakhovka-demningen. Den skal ha fått en skade som ikke ble reparert på flere måneder.

En politimann patruljerer Kakhovka-reservoaret i nærheten av Lysohirka med båt, torsdag 18. mai 2023.

Vannreservoaret ved Kakhovka-demningen strekker seg over mange mil langs Dnipro-elva.

Vanskeleg område å angripe

Ydstebø meiner at øydelegginga vil ha lite å seie for krigen vidare, med mindre Ukraina har hatt planar om å ta over området like ved demninga.

– Det ville vore vanskeleg uansett, sidan det er eit så smalt område, og kan lett bli skote på. Det er ikkje eit område som det er lett å angripe med store styrkar.

– Det er ikkje ein plass du kan drive med nokre store operasjonar.

Frå Russland si side, seier han at ei eventuell sprenging av demninga kan hjelpe militæret med å få frigjort styrkane sine i sør, ved å gjere det vanskelege for ukrainarane å få tilgang på området.

A view of a mine danger sign in front of Dnipro river, in Kherson

Området sør for vassmagasinet i Ukraina blir truleg ikkje staden for nokon storoffensiv, ifølge Ydstebø.

Foto: NACHO DOCE / Reuters

– Skal eg sjå eit militært rasjonale, så må det vere noko slikt. Det veit vi ikkje, men det kan vere noko som russarane har vurdert.

Oberstløytnant og hovudlærar ved Stabsskulen Geir Hågen Karlsen seier til NRK at Ukraina har «lite å tene på» å sprenge si eiga demning og fløyme over landet dei prøvar å frigjere.

SISTE NYTT

Siste nytt