Hopp til innhold

Russland skal ha angripe Kherson under evakuering

Medan 29 byar er overfløymde og hjelpeorganisasjonar arbeider med å evakuere menneske, skal Russland ha angripe Kherson.

Eksplosjon i overfløymd område i Kherson. Røyk stig opp av vannet frå eit konsentrert område.

Biletet skal vise eksplosjonen ved Korabelna Square i Kherson.

Foto: Stas Yurchenko, Graty

Hjelpearbeidarar var i gang med evakueringa av Kherson då ein person blei drepen i det som skal vere eit russisk angrep, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Ein redningsarbeidar og ein politi skal vere blant dei åtte skadde, ifølge ein representant for det ukrainske militæret.

Demninga er i frontlina av krigen

Natt til tysdag blei Kakhovka-demninga i Kherson øydelagt. Demninga er i frontlina i krigen i Ukraina. No er 600 kvadratkilometer under vatn.

Les også: Demning brast i Ukraina

Khakovka
Khakovka

29 byar er råka. 10 av dei på russisk-kontrollert side, 19 av dei på ukrainsk-kontrollert side. Hittil skal minst tre personar ha døydd som følge av flaumen, alle på russisk side.

Naudhjelp enno ikkje inne på russisk side

Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC) er i dialog med lokale styresmakter på den russisk-kontrollert sida, men har enno ikkje fått klarsignal til å gå inn.

– Det er pågåande kommunikasjon, og dei er klare til å gå inn, seier Erik Abild, regionssjef med ansvar for Ukraina i Røde Kors.

Erik Abild i Røde Kors-vest foran et bombet bygg i Ukraina.

Erik Abild kallar hjelpearbeidet farleg og uoversiktleg, men at Røde Kors Noreg er klar for å hjelpe.

Foto: Røde Kors

Han kallar situasjonen dramatisk, uoversiktleg og vanskeleg:

– Det er ein katastrofe midt i ei krigssone. Det gjer det særs krevjande og vanskeleg. Det er ukrainske hjelpearbeidarar som står i det.

Røde Kors Ukraina er inne på ukrainsk-kontrollert side. Abild seier at akkurat no handlar det om å redde liv, gi dei tak over hovudet, mat og vatn.

Lokale ukrainske Røde Kors-arbeidere evakuerer beboere i Kherson-regionen som er rammet av flommen etter at Kakhovka-demningen ble ødelagt. Røde Kors-arbeider foran en gummibåt med to arbeidere pluss en dame i.

Lokale hjelpearbeidarar jobbar med å evakuere folk på ukrainsk side i Kherson.

Foto: Røde Kors

Røde Kors Noreg førebur seg på den langsiktige responsen. Dei er i Ukraina, og støttar med både helsehjelp og naudhjelp.

– Vi vurderer fortlaupande korleis vi kan hjelpe best, med naudhjelp og ekspertise, seier Abild.

Landbruksområde kan bli ørken

Abild viser til at hundretusenvis kan miste drikkevatnet sitt, og at enorme jordbruksområde står i fare for å bli øydelagt.

Khakovka

Hundretusenvis har mista tilgang til reint drikkevatn etter at Kakhovka-demninga blei øydelagt, ifølge Zelenskyj.

Foto: Reuters

Også det ukrainske landbruksdepartementet er uroa for kva dette kan bety for jordbruket:

– Øydelegginga av Kakhovka-vasskraftverket vil føre til at landbruksområde i det sørlege Ukraina kan bli til ørken så tidleg som neste år.

Skuldar på kvarandre

Det er framleis uklart kvifor demninga brast, og Russland og Ukraina skuldar på kvarandre.

– Det er ikkje noko som tilfeldigvis har skjedd i eit angrep med artilleri eller med kryssarmissil eller noko. Dette er godt sprengingsarbeid, seier Palle Ydstebø i Krigsskulen.

SISTE NYTT

Siste nytt