Russland må betale 37.000 euro til Pussy Riot

Russland er felt i Den europeiske menneskerettsdomstolen. Aktivistgruppa Pussy Riot vart utsett for umenneskeleg behandling under rettssaka i 2012.

Nadezhda Tolokonnikova, Yekaterina Samutsevich, Maria Alekhina

DÅRLEG BEHANDLING: Dei tre kvinnene vart plasserte i glasbur under rettssaka i 2012. Dermed fekk dei ikkje noko rettferdig rettssak, meiner menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

Foto: Mikhail Metzel / AP

Tysdag kom Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) med dommar i 16 saker. I to av desse var Russland klaga inn.

Det er medlemmar av protestgruppa og punkbandet Pussy Riot, og familien til den drepne journalisten Anna Politkovskaja, som har klaga Russland inn for domstolen.

Den har kome fram til at Russland har brote den europeiske menneskerettskonvensjonen på fleire punkt.

Umenneskeleg behandling

Dei tre medlemmane i Pussy Riot vart utsett for krenkande og umenneskeleg behandling, ifølgje dommen.

I 2012 framført dei tre kvinnene ein song, med kritikk av president Vladimir Putin, i Frelserkatedralen i Moskva. Dei vart arresterte og dømde til to års fengsel.

Under rettsmøta vart kvinnene sette i glasbur, omringa av væpna politi og vakthundar.

Glasbura gjorde at kvinnene ikkje kunne kommunisere fritt med forsvararane sine utan at samtalene vart overhøyrde. Ifølgje dommen er dette brot på artikkelen som handlar om retten til ei fri og rettferdig rettssak.

Pussy Riots

Nadezjda Tolokonnikova (t.v.) og Maria Alyokhina (t.h.) vart begge dømde til to års fengsel etter at gruppa song ein song med kritikk av Vladimir Putin.

Foto: Johannes Eisele / AFP

Brot på ytringsfridomen

Russiske styresmakter har også brote retten kvinnene har til ytringsfridom, meiner EMD. Sjølv om Pussy Riot braut reglane på ein religiøst stad, meiner domstolen at dommen på to års fengsel var for streng.

«Å dømme dei til fengsel berre for å ha på seg fargerike kle, veive med armane, sparke med beina og bruke eit kraftig språk, utan at songtekstane og konteksten for framføringa vart analysert, var usedvanleg strengt», står det i dommen.

Russland er dømd til å betale 16.000 euro kvar til Maria Aljokhina og Nadezjda Tolokonnikova og 5.000 euro til Jekaterina Samutsevitsj. I tillegg må Russland dekke sakskostnadar på 11.760 euro.

For dårleg etterforsking

Russland får også kritikk for måten dei handterte etterforskinga av drapet på den russiske journalisten Anna Politkovskaja.

Anna Politkovskay

Journalisten Anna Politkovskaja vart drepen i 2006.

Foto: Stan Honda / AFP

Ho vart skoten og drepen utanfor bustadblokka der ho budde i Moskva 7. oktober 2006.

Politkovskaja skreiv om brot på menneskerettane i Russland, og var kjend for å vere kritisk mot dei politiske leiarane i landet.

Ho skreiv også om krigen i Tsjetsjenia, der ho avslørte overgrep frå dei hemmelege tenestene i Russland. Avsløringane var også knytte til president Vladimir Putin.

I 2012 vart ein russisk politimann dømd for å ha overvaka Politkovskaja slik at drapet vart mogleg. To år seinare vart fem menn dømde for drapet på journalisten.

Protest

Seks år etter at Anna Politkovskaja vart drepen, var rundt 200 menneske ute i gatene i Moskva og kravde at styresmaktene måtte gjere meir for å finne dei som stod bak.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP

Både familien til Politkovskaja og advokaten deira har påpeikt at desse mennene berre er syndebukkar, men at dei som bestilte drapet enno ikkje er tekne.

Den europeiske menneskerettsdomstolen har konkludert med at Russland ikkje har gjort nok i etterforskinga av drapet.

Ifølgje dommen har Russland «unnlate å ta tilstrekkelege undersøkande steg for å finne personen eller personane som bestilte drapet».

Dommarane meiner at etterforskarane også burde ha undersøkt om agentar frå den russiske sikkerheitstenesta FSB eller styresmaktene i den russiske republikken Tsjetsjenia kunna ha gitt drapsordren.

Russland er dømd til å betale i alt 20.000 euro til familien til Politkovskaja.

SISTE NYTT

Siste nytt