Hopp til innhold

Russland hevdar å ha stoppa ukrainsk storoffensiv

Den russiske forsvarslinja skal ha halde seg under ein ukrainsk storoffensiv sør i Donetsk-regionen, ifølge det russiske forsvarsdepartementet.

Droneopptak viser en eksplosjon på et uidentifisert sted etter at forsvarsdepartementet i Moskva sa at russiske styrker har hindret en stor ukrainsk offensiv i den sør-ukrainske regionen Donetsk 5.juni 2023.

DRONEOPPTAK: Dette skal vise ein eksplosjon på ein uidentifisert stad etter at forsvarsdepartementet i Moskva sa at russiske styrkar har hindra ein stor ukrainsk offensiv i den sør-ukrainske regionen Donetsk 5. juni 2023.

Foto: Reuters

I utsegna, som er omtalt av Reuters, heiter det at Ukraina innleidde offensiven søndag med seks mekaniserte infanteribataljonar og to stridsvognbataljonar.

– Målet til fienden var å bryte gjennom forsvarslinjene våre i det dei meiner er dei mest sårbare sektorane til fronten.

– Fienden oppnådde ikkje måla sine. Dei hadde ingen suksess.

Departementet har også publisert ein video av det dei hevdar er fleire ukrainske pansra køyretøy på ei slette, som sprengjer under eit angrep.

En ukrainsk tjenestemann går i en skyttergrav nær frontlinjebyen Bakhmut, i Donetsk-regionen, Ukraina 30. mai 2023

Ein ukrainsk tenestemann går i ei skyttargrav nær frontlinjebyen Bakhmut, i Donetsk-regionen, Ukraina 30. mai 2023

Foto: Reuters

Det har ikkje kome noko kommentar på påstanden frå Kyiv, og opplysingane har ikkje blitt verifiserte frå uavhengig hald.

Russlands forsvarssjef Valerij Gerasimov skal ha vore til stades på eit kontrollpunkt då Ukraina sitt angrep skjedde søndag, ifølgje russiske statlege medium.

Korleis det gjekk med han under angrepet har dei ikkje informert om.

Kart over den ukrainske regionen Donetsk og den russiske regionen Belgorod.

Motoffensiv i vente

Ukrainske styresmakter har fleire gonger sagt at ein lenge venta motoffensiv er på trappene.

I eit intervju med Wall Street Journal laurdag sa president Volodymyr Zelenskyj at han meiner Ukraina er militært i stand til å bryte Russland si forsvarslinje.

– Etter mitt syn, frå og med i dag av, er vi klare for å gjere det, sa han til avisa.

Tid og stad for ein slik militæroperasjon blir halde, naturleg nok, hemmeleg. Kor lenge den kan vare er ukjent – også for presidenten.

Aftermath of shelling in Horlivka

Ei kvinne står i huset sitt i landsbyen Horlivka, som framleis er kontrollert av russarane. Bygget har blitt skada av kampar dei siste dagane.

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

– For å vere ærleg kan dette skje på mange måtar, men vi skal gjennomføre ein offensiv, og vi er klare.

Også Ukraina sin viseforsvarsminister viser til ein video som er delt på sosiale medium, der bodskapen er at det ikkje vil komme noka kunngjering om byrjinga.

Jevgenij Prigozjin

Jevgenij Prigozjin har fleire gongar gått hardt ut mot Russland si handtering av styrkane kring Bakhmut.

Foto: AP

Då kan kom med eit utsegn om «fortsettande framrykking» nær frontlinjebyen Bakhmut onsdag morgon, nemnde ikkje Oleksandr Syrskyi noko om ein motoffensiv, melder Reuters.

Generalen leiar bakkestyrkane til det ukrainske forsvaret, og skriv jamleg om utviklingar i krigen på meldingsappen Telegram.

Leiaren for leigesoldatgruppa Wagner, Jevgenij Prigozjin, seier måndag at ukrainske styrkar har teke tilbake delar av ein posisjon nord for Bakhmut.

Wagner-soldatar tok Bakhmut sist månad etter den lengste kampen ein har sett i krigen så langt. Prigozjin kallar det påståtte tapet av territorium som «vanærande».

Russiske soldatar til fange i Belgorod

Styrkar som er kritiske til styresmaktene i Moskva sa søndag kveld at dei hadde tekne til fange fleire russiske soldatar i regionen Belgorod.

Denne ligg inne i Russland, men grensar til Ukraina, og har blitt utsett for angrep fleire gongar dei siste vekene.

Påstanden om russiske fangar kom frå dei som kallar seg for Den russiske fridomslegionen (FRL), som hevdar erklæringa var i samråd med Det russiske frivilligheitskorpset (RDK).

Russiske raketter skytes opp mot Ukraina fra Russlands Belgorod-region, sett fra Kharkiv, Ukraina, sent søndag 4. juni 2023

Russiske rakettar blir skotne opp mot Ukraina frå Russlands Belgorod-region, sett frå Kharkiv, Ukraina, seint søndag 4. juni 2023

Foto: AP

Begge dei paramilitære gruppene vil ha slutt på veldet til president Vladimir Putin, og stiller seg imot Russland sin invasjonskrig i Ukraina.

Den øvste leiaren i Belgorod, Vjatsjeslav Gladkov, hevdar han har sagt ja til å møte dei som har teke soldatane til fange, så lenge dei framleis er i live.

Men dei to gruppene seier at eit slikt møte ikkje enno har funne stad, ifølge BBC.

Ukrainske styresmakter har avvist at dei er direkte involverte i kampane inne i Russland.

Framleis seier dei at dei to paramilitære gruppene består av russiske borgarar som vil skape ei «trygg sone» for ukrainarar inne i Russland.

-

Fleire innbyggarar som bur nærast den ukrainske grensa i Belgorod har blitt evakuerte frå heimane sine. Her hentar nokre humanitære donasjonar i landsbyen Sjebekino.

Foto: OLGA MALTSEVA / AFP

Melder om nye dronestyrtar i Russland

Eit kraftverk i den russiske regionen Belgorod skal også ha blitt angripe av ein drone tidleg måndag, ifølgje guvernøren til regionen.

To ytterlegare dronar skal ha styrta over ein motorveg i den russiske Kaluga-regionen, seier den lokale guvernøren Vladislav Sjapsa på meldingsappen Telegram.

– Det skjedde ingen detonasjon. Området har blitt sperra av, skreiv han vidare.

Heller ikkje desse opplysingane er stadfesta av uavhengige kjelder.

-

Volodymyr Zelenskyj under ein tale til dei europeiske statsleiarane 1. juni.

Foto: DANIEL MIHAILESCU / AFP

I ein videotale hevdar ukrainsk president Volodymyr Zelenskyj at Russland får hjelp av fleire land og produsentar til å omgå internasjonale sanksjonar mot våpenindustrien deira.

Zelenskyj nemner ikkje desse med namn, men seier det er snakk om eit nettverk:

– Terroriststaten kan ved hjelp av eit nettverk av leverandørar omgå dei internasjonale sanksjonane og få tilgang til teknologi frå heile verda.

Ein nær medarbeidar av presidenten hevda i april at det var funne ei aukande mengd kinesiske delar i russiske våpen som blei brukte mot Ukraina.

Kinesiske styresmakter nektar for å støtte Russland med militært utstyr i krigen.

SISTE NYTT

Siste nytt