Hopp til innhold

Russland har skrive under avtalen

Den russiske presidenten Dmitrij Medvedev har skrive under den formelle våpenkvileavtalen med Georgia.

Dimitrij Medvedev
Foto: Vladimir Rodionov / AP

Underskrifta kom fyrst etter at Medvedev sjølv hadde sett president Mikhail Saakasjvili si underskrift tidlegare i dag.

Utanriksdepartementet i Moskva fekk tilsendt dokumentet frå USA.

Les: - Vil se Saakasjvilis signatur

Den georgiske presidenten skreiv under avtalen i går, etter eit møte med USAs utanriksminister Condoleezza Rice.

Les: Rice legg press på Georgia

Avtalen Russland og Georgia no har skrive under, er den same som dei russiskvenlege utbrytarrepublikkane Sør-Ossetia og Abkhasia har signert, melder det russiske nyhendebyrået Interfax.

Men sjølv om avtalen no er signert syner russarane førebels ingen teikn til å trekkje seg attende frå Georgia.

Tidlegare i dag melde det georgiske innanriksdepartementet at russiske styrkar hadde sprengt ei jernbanebru 45 kilometer frå hovudstaden Tbilisi.

Les: - Russland bombar igjen

Russiske soldatar skal også ha rykt inn i byen Senaki, som ligg 30 kilometer inn i landet frå havnebyen Poti ved Svartehavet, der det også framleis står russiske styrkar.

Ifølgje georgiske styresmakter har russarane dessutan ført ei kolonne med om lag 1.000 personar inn i byen Akhalgori, nordaust for Gori. Georgiarane meiner dette er ossetisk milits som kjem til byen for å plyndre heimane deira.

SISTE NYTT

Siste nytt