Hopp til innhold

Desse byane prøver Russland å få kontroll over

Russiske styrkar pressar på i Aust-Ukraina, men dei er langt unna å ta heile Donbas-regionen, meiner ekspert.

Universitetsbygningen i Bahkmut i Donetsk fylke er blant dei som har blitt angripe av russiske missil.

Universitetsbygningen i Bakhmut i Donetsk fylke er blant dei som har blitt angripe av russiske missil. Bilde frå 21. mai.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

Dei siste vekene har Russland, i tråd med sin nye taktikk, auka presset i Donbas-regionen aust i Ukraina.

– Situasjonen i Donbas er heilt ekstremt vanskeleg. Som dagane før prøver den russiske hæren å angripe Sovjansk og Sievjerodonetsk.

Det seier Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj i ein tale laurdag kveld. Han hevdar likevel at dei ukrainske styrkane har klart å hindre russisk framrykking.

Ein mann i Serevodonetsk flytter hesten sin på grunn av bombing i nærleiken.

Ein mann flytter hesten sin på grunn av bombing i nærleiken av Sievjerodonetsk 18. mai.

Foto: YASUYOSHI CHIBA / AFP

Ifølge britisk etterretning er Sievjerodonetsk eit av Russlands taktiske prioriteringar no. Sievjerodonetsk er den neste største byen i Luhansk fylke.

Angripe frå fire forskjellige retningar

Geir Hågen Karlsen er oberstløytnant og hovudlærar ved Forsvarets høgskole. Han poengterer at Russland har angripe den austlege delen av Donbas-regionen i over fire veker no.

– Det har vore veldig lite framgang på dei fire vekene, og styrkane er konsentrert i områda heilt aust rundt byane Sievjerodonetsk og Slovjansk, seier Karlsen.

– Dei gjer nok eit forsøk på å avskjere byane, men dei er eit godt stykke unna å klare det.

Kart over krigen i Ukraina 21. mai 2022

Kart over krigen i Ukraina. Kilde: Institute for the study of war / AEI's critical threats project / NRK (Oppdatert 21.05.2022)

Grafikk: INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK 21.05.2022 Grafikk: INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK 21.05.2022

Guvernøren i Luhansk melder også at russiske styrkar ikkje har lukkast i å invadere Sievjerodonetsk. Dette trass i at dei har angripe frå «fire forskjellige retningar», skriv The Guardian.

Russland skal ha utplassert sine stridsvogner av typen «Terminator» til Sievjerodonetsk-regionen. Bataljonen, som er den einaste som har denne typen stridsvogner, leid store tap då dei ikkje klarte å invadere Kyiv i starten av krigen.

– Med maksimalt ti «Terminator»-stridsvogner utplassert er det lite truleg at det vil ha noko innverknad, skriv britisk etterretning.

Russisk-støtta separatistar har kontrollert delar av fylka Donetsk og Luhansk, som ligg i Donbas-regionen, sidan 2014. No er målet å okkupere resten av Donbas.

Slovjansk neste mål

Ifølge det ukrainske militæret førebur Russland seg også på å starte opp igjen offensiven i byen Slovjansk i Donetsk-fylke.

Søndag rapporterte dei om at Russland skal ha bomba landsbyane Viropillia, Dibrivne og Dovhenke – som eit ledd mot målet om å ta Slovjansk.

Ein innbyggar sitter utandørs i Mariupol, ved ei blokk som har tatt kraftig skade av krigen.

Ein innbyggar sit utandørs i Mariupol, ved ei blokk som har tatt kraftig skade av krigen. Mariupol er no under russisk kontroll etter nesten tre månader med kampar.

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

I ei oppdatering på Telegram søndag skriv landets naudmyndigheiter at angrepa har blitt intensivert i alle busetjingar i Luhansk.

– Det er umogleg å seie det nøyaktige tal døde, for under konstant brann er det ikkje mogleg å kartlegge bustadbygg og infrastruktur.

Karlsen meiner at erfaringa frå tidlegare i krigen har vist at sjølv om Russland skulle klare å omringe byane, vil det ta lang tid å erobre dei.

– Dette er nok eit langsiktig prosjekt.

Ei anna utfordring for russarane er at styrkane deira blir tvunge tilbake lenger nord, mellom anna i Kharkiv. Det kan truge forsyningslinjene deira, spesielt for dei som angrip Slovjansk.

– Ukraina får også inn ein del vestleg materiell, noko som kan endre styrkebalansen, seier han.

Geir Hågen Karlsen

Totalt sett har ukrainarane tatt tilbake meir terreng nord ved Kharkiv enn dei har mista rundt Donetsk-området, seier Geir Hågen Karlsen.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

– Kvifor er byane Sievjerodonetsk og Slovjansk så viktige for russarane?

– Russarane har sagt at dei ønsker å ta kontroll over heile Donbas, og det betyr dei to fylka Donetsk og Luhansk. Dette er jo eit lite hjørne av Luhansk, så det er her dei har begynt, seier Karlsen.

– Vi trudde kanskje tidlegare i krigen at dei ville prøve ei større avskjering og ta heile Donetsk og Luhansk, men det er dei langt, langt unna. Dette viser avgrensingane på russarane sine evne til å ta terreng.

Ikkje aktuelt med våpenkvile

Ukraina seier det ikkje er aktuelt med våpenkvile eller aksept av russiske krav i Donbas-regionen. Det skriv NTB, som siterer Reuters.

USAs forsvarsminister og Italias statsminister er blant dei som nyleg har oppfordra til umiddelbar våpenkvile mellom partane.

Russiske soldatar vokter eit område i Kherson, sør i Ukraina 20. mai. Bilde er tatt av AP på ein tur som var organisert av det russiske forsvarsdepartementet.

Russiske soldatar vaktar eit område i Kherson, sør i Ukraina 20. mai. Bilde er tatt av nyheitsbyrået AP på ein tur som var organisert av det russiske forsvarsdepartementet.

Foto: AP

Zelenskyjs rådgjevar Mykhailo Podoljak gjentar at det ikkje blir aktuelt for dei å gå med på nokon avtale som inneber at Ukraina må gi frå seg territorium.

Ei pause i kampane vil berre føre til at Russland til slutt slår hardare tilbake, meiner sjefforhandlaren.

– Krigen vil ikkje stoppe. Den vil berre bli sett på pause ei stund. Russland vil deretter starte ein ny offensiv, endå meir blodig og storstilt.

Flyalarmar – parliament måtte avbryte møte

Flyalarmen går over store delar av Ukraina søndag, med unntak av dei austlege og sørlege regionane, ifølge Ukrajinska Pravda.

Det ukrainske parlamentet måtte avbryte eit møte og gå i tilfluktsrom. I Zjytomyr er det angrep mot det som blir kalla strategiske mål. Jernbanestasjonen i Zjytomyr-regionen skal også vere angripen på nytt.

Russiske stridvogner køyrer langs ein veg ved Mariupol 20. mai.

Russland hevdar å ha ramma nesten 40 mål det siste døgnet. Her køyrer russiske stridvogner langs ein veg ved Mariupol 20. mai.

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt