NRK Meny
Normal

Russland firar på restriksjonane

Valkommisjonen i Russland har invitert 70 europeiske valobservatørar til presidentvalet i mars.

Vladimir Tsjurov

Leiar Vladimir Tsjurov i valkommisjonen seier det ikkje er venta restriksjonar på aktiviteten til internasjonale observatørar.

Foto: MAXIM MARMUR / AFP

Dei 70 valobservatørane kjem frå Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE).

OSSE ville ikkje vere til stades då russarane valde ny nasjonalforsamling i desember. Organisasjonen meinte at observatørane den gong vart pålagde restriksjonar som ville ha hindra dei i arbeidet. No er Russland meir medgjerlege. 

- Det er ikkje venta restriksjonar på aktiviteten til internasjonale observatørar, så framt dei handlar i samsvar med russisk lovgjevnad, sa leiar Vladimir Tsjurov i valkommisjonen i dag.

Pliktløp

Som medlem i OSSE har Russland plikt til å invitere observatørar som skal kontrollere at valet går rett føre seg. Det fekk såleis internasjonal merksemd då OSSE trekte seg frå det førre valet.

Russland, som har vore svært kritiske til OSSEs fokus på menneskerettar, skulda den gong OSSE for å dikte opp grunnar til å avlyse observeringa.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt