På seinsommaren i fjor døydde fleire titals personar og tusenvis av bustadar brann ned til grunnen som følgje av kraftige skog- og buskbrannar i Russland.
No har nye skogbrannar blussa opp, men så langt er det område i Sibir som er verst råka.
Tre gonger så store
2010: Skogbrann i Kustarevka i Ryazan-regionen i Russland.
Foto: DENIS SINYAKOV / Reuters2010: Over 300 skogbrannar herja Russland
Sibir ligg i det asiatiske Russland og utgjer litt under fire femdelar av Russland sitt territorium. Men området er relativt aude, berre 25 prosent av den russiske folkesetnaden bur der.
I geografisk omfang er brannane likevel langt verre i år enn i fjor.
Ifølgje det russiske redningsverket er 6.180 kvadratkilometer skog- og landområde øydelagde av brann så langt i år. Til samanlikning vart 2.150 km2 tekne av flammane i fjor.
- LES OGSÅ: Kjemper mot 334 skogbranner i Russland (2010)
Unntakstilstand
Det er erklært unntakstilstand i Krasnojarsk-regionen, der 20.000 russarar er utan straum tysdag på grunn av brannar.
Den europeiske delen av Russland er førebels upåverka. I fjor låg røyken tett over den russiske hovudstaden Moskva og førte til at mange flykta frå byen.
I april i år åtvara president Dmitri Medvedev russiske tenestemenn om at dei personleg ville bli sende ut for å delta i sløkkingsarbeidet dersom dei ikkje greier å hindra at store skogbrannar spreier seg.
- LES OGSÅ: Russisk økonomi rammet av tørken