Russiske og kinesiske spionar hacka EUs vaksinebyrå

Russisk etterretning og kinesiske spionar stod bak datainnbrotet i EUs legemiddeltilsyn i fjor, ifølgje den nederlandske avisa De Volkskrant.

Digitalt møte i EUs legemiddelbyrå EMA.

Hackarar skaffa seg tilgang til interne vaksineopplysningar då dei infiltrerte EUs legemiddelbyrå EMA. Biletet viser eit digitalt møte i EMA i januar.

Foto: JEROEN JUMELET / AFP / NTB

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Avisa siterer kjelder tett på etterforskinga av datainnbrotet hos legemiddeltilsynet, som har hovudkvarter i Amsterdam.

EMA er dei som godkjenner vaksinar i EU. I vaksinekappløpet er det knytt stor prestisje og økonomiske interesser til kva vaksinar som blir godkjende og når det skjer

Det var i desember at EMA melde om datainnbrotet, der dokument knytte til koronavaksinar og andre medisinar vart stole og lekte på internett, skriv Reuters.

Angriparane har fått tilgang til vaksinedokument frå mellom anna Pfizer og Biontech. Dei to selskapa opplyser at hackarane fekk «ulovleg tilgang» til dokument relatert til utviklinga av vaksinen deira.

Nektar

Det russiske utanriksdepartementet har førebels ikkje kommentert saka, men Moskva har gjentekne gonger avvist skuldingar om dataangrep mot vestlege land.

Heller ikkje kinesisk UD har kommentert saka. Beijing har tidlegare sagt at dei er sterkt imot alle former for dataangrep.

EMA har saman med nederlandske og europeiske styresmakter opna etterforsking av angrepet, men det har førebels ikkje komme fram detaljar om kven som blir anteke å stå bak.

Ifølgje De Volkskrant gjekk kinesiske spionar til åtak på EMA tidleg i 2020, medan russisk etterretning slo til seinare på året.

Utnytta svakheiter

Kjeldene til avisa seier kinesarane skaffa seg tilgang gjennom å hacke datasystema til eit tysk universitet. Russarane skal visstnok ha skaffa seg tilgang ved å sende falske e-postar som har utnytta svakheiter i totrinnsinnloggingar og andre tryggingssystem.

Dei russiske hackarane skal ha hatt tilgang til EMAs system i over enn ein månad, ifølgje Volkskrant-kjeldene. Dei skal ha vore mest interessert i å sjå kva land som ville ta i bruk koronavaksinen produsert av Pfizer og Biontech, og kor mange dosar dei ville kjøpe.

Amerikanske Pfizer og tyske Biontech har stadfesta at bakmennene gjennom åtaket fekk tilgang til dokument knytte til vaksinen deira.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 17.04.2021
3 711
Smittede siste 7 dager
220
Innlagte
708
Døde
1 025 429
Vaksinerte

SISTE NYTT

Siste nytt

Gikk sammen for første gang etter skandaleintervjuet

Da prinsene Harry og William ankom begravelsen til bestefaren, gikk fetter Peter Phillips mellom dem. Da de kom ut gikk de side om side. Det er første gang siden prins Harry og Meghan gjorde sitt intervju med Oprah Winfrey.