Høgtståande russiske offiserar var i dag tilbake i NATO-hovudkvarteret for å halde fram drøftingane med NATO. Samtalane skal gå på tekniske detaljar som partane ikkje vart ferdige med under møtet i går.
Russland takka opprinneleg nei til tilbod om vestleg hjelp, men har seinare akseptert norsk og britisk bistand. Den russiske delegasjonen blir leidd av visestabsjef i marinen Aleksandr Pobozjij.
I går hadde den russiske delegasjonen ein lengre samtale over telefon frå Brussel med britiske ubåtekspertar i Northwood i England. Det var særleg ubåten si slagside og om vass- og straumforholda ved havaristen som var tema.