Hopp til innhold

Russiske aviser samanliknar Catalonia med Krim-halvøya

– Spania brukar makt for å knuse «Den katalanske våren». «Krim-våren» har kome til Pyreneane, er blant overskriftene i russiske nyheitsmedium den siste tida.

Katalansk flagg

Det har den siste tida vore store demonstrasjonar i Barcelona med krav om sjølvstende for Catalonia.

Foto: ALBERT GEA / Reuters

Den Kreml-tru avisa Vzglyad er ei av fleire russiske aviser som brukar mykje plass på den katalanske folkerøystinga og kravet om sjølvstende frå Spania. Den spanske storavisa El Pais har gjort ein grundig gjennomgang av russisk mediedekning av det som skjer i Catalonia.

Gjennomgangen viser at interessa for Catalonia og Spania har mangedobla seg den siste tida i form av artiklar og kommentarar. Ifølgje Madrid-avisa blir den spanske regjeringa og det spanske rettsstellet gjennomgåande framstilt som undertrykkjande overfor Catalonia.

– Fare for borgarkrig

Her blir det blant anna hevda at Madrid har sendt paramilitære styrkar til den katalanske hovudstaden Barcelona, og at EU står på sidelina utan å gjere noko, medan det er stor fare for borgarkrig.

Avisa Vzglyad er blant dei ivrigaste. 8. september skreiv dei at katalanske politikarar alt diskuterer kva dei vil gjere etter å ha proklamert sjølvstende. Ein av politikarane avisa har snakka med seier at noko av det første dei vil gjere er å godkjenne Abkhasia og Sør-Ossetia.

Dette er territorium som reiv seg laus frå Georgia på 1990-talet, og som berre er godkjent internasjonalt av Russland, Venezuela, Nicaragua og Nauru, ein liten øystat i Mikronesia.

Vil ha folkeavstemning, men ikke uavhengighet

Seks ting du må vite om krisen i Barcelona

Krim-halvøya

Fleire russiske aviser har ifølgje El Pais meldt at eit fritt Catalonia også vil godkjenne Krim som ein rettmessig del av Russland.

Ifølgje El Pais er dekninga av striden mellom den spanske regjeringa i Madrid og den katalanske regionen prega av direkte falske nyheiter, men også ein del kreative vriar på ting som verkeleg har skjedd.

Russland annekterte Krim-halvøya frå Ukraina i mars 2014, til sterke protestar frå blant andre Ukraina, EU, Nato og USA. Fleirtalet av innbyggjarane på Krim er av russisk opphav.

Oppfordrer til demonstrasjoner uten stans i Barcelona