Dei fire russiske offiserane er skulda for spionasje og forsøk på å destabilsere det georgiske samfunnet.
Dei blei sette fri etter møte mellom den georgiske presidenten Mikhail Saakashvili og og leiaren for OSSE, Karl De Gucht, i Tbilisi i dag.
OSSE, Organisasjonen for samarbeid og tryggleik i Europa, ber i dag Russland om å gjere alt landet kan for å minske spenninga mellom dei to landa
Arrestasjonane har ført til sterke reaksjonar frå Moskva, og i går kalla president Vladimir Putin Georgia for ein terroriststat.
Dei fire offiserane som no er sette fri blir truleg sende tilbake til Russland med fly i løpet av dagen.
Sterke reaksjonar
Dei russiske reaksjonane ¨på arresetasjonane har vore uventa sterke. Dagen etter arrestasjonane vart den russiske ambassadøren i Tblisi kalla heim til Moskva, eit svært sterkt diplomatisk signal.
Dagen etter vart alle dei andre diplomatane og familiane deira henta tilbake til Moskva med ekstrafly.
I dag gav det russiske samferdsledepartementet ordre om at å innstille all samferdsel med Georgia, både på land, til sjøs og i lufta. Til og med postsambandet blir stansa. Det er uklart om desse tiltaka alt er sette i verk, eller om det blir med truslane.
Vil med i NATO
Forskar Helge Blakkisrud ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt NUPI seier i eit intervju med NTB at konflikten mellom Russland og Georgia no er alvorleg. Han meiner at ved sidan av sjølve det tosidige forholdet mellom dei to landa, har også konflikten ein internasjonal dimensjon.
Blakkisrud trur det er Georgia sitt ynskje om å bli medlem av NATO er ein viktig del av bakgrunnen for den akutte striden. Samstundes skuldar Georgia Russland for å støtte opprørarane som kjempar for å lausrive Abkhasia og Sør-Ossetia frå Georgia.
Dei to områda i Kaukasus har status som sjølvstyrte regionar, og Russland har fredsstyrkar der. Mange i Georgia meiner at desse styrkane er ein direkte part i konfliktane der.