Onsdag starta rettssaka mot den russiske sersjanten Vadim Sjisjimarin (21) i Solomyansky tinghus i den ukrainske hovudstaden Kyiv.
Torsdag haldt rettssaka fram i ein ny rettssal.
Sjisjimarin er skylda for krigsbrotsverk, tiltalt for å ha skote og drepe ein sivil mann fire dagar etter den russiske invasjonen 24. februar.
Dette er den første krigsbrotsverk-saka som er oppe i retten etter at russiske styrkar invaderte landet.
Den russiske soldaten tilstod onsdag å ha skote og drepe 62 år gamle Oleksandr Shelipova.
Ukrainske Shelipova skal ha vore uvæpna då kom syklande forbi gruppa.
Shelipova blei funnen død på gata av kona Kateryna Shelipova.
Det rapporterer AFP og BBC sine reporterar i rettssalen.
– Aksepterer du di skyld? spurte dommaren.
– Ja, svara Sjisjimarin.
– Fullstendig?
– Ja, svara han roleg frå innsida av glasburet onsdag.
Ifølge AFP og BBC har aktor bedt om livstid i fengsel for soldaten.
Kreml seier at dei ikkje er informert om saka, skriv BBC.
Bad om forlating
Nokon få meter vekke frå sersjanten sat kona til den drepne. Ho tørka vekk eit par tårer då soldaten blei henta inn i retten onsdag.
Under rettssaka spurte han kona om forlating.
– Men eg forstår at du ikkje er i stand til å tilgje meg.
Kona synast synd på soldaten, men seier at ho ikkje kan tilgje han for brotsverket.
– Tapet av mannen min betyr alt for meg. Han var min vernar.
Sersjanten si gruppe køyrde ei stridsvogn som blei angripe. Etterpå stal dei ein bil. Det var frå denne bilen Sjisjimarin skot Oleksandr Shelipova.
Onsdag konfronterte Kateryna Shelipova sersjanten, rapporterer BBC.
– Fortel meg gjerne, kvifor kom de hit? For å beskytta oss? Beskytta oss frå kven? Beskytta du meg frå mannen min, som du drap?
Sersjanten gav ikkje eit svar.
Viser kompleksiteten
Kjersti Lohne er professor i kriminologi ved Universitetet i Oslo, og jobbar mellom anna innanfor kriminologi, rettssosiologi og internasjonal rett.
– Dette er jo på mange måtar det vanskelege her, og viser kompleksiteten i det å straffeforfølga handlingar som skjer i krig, og som skjer i eit komplett kaos.
Ho seier ansvarsforholda kan vera uklare og at det er vanskeleg å vita kva som er rett informasjon.
– Folk er redde og fryktar for sitt eige liv.
– Eg ville ikkje drepa
Torsdag fortalde Sjisjimarin retten at han ikkje ønska å drepa Shelipova, men blei pressa av to andre soldatar til å skyta han.
Dei køyrde i ein stolen bil etter at stridsvogna dei opphavleg køyrde i blei angripe. Då såg ein av dei ein mann med ein telefon, altså Oleksandr Shelipova.
Sersjanten fortel at ein av soldatane sa at mannen med mobil kom til å gje beskjed til dei ukrainske styrkane. Derfor sa dei at Sjisjimarin måtte skyta han.
– Då eg drog i avtrekkaren, bestemte eg meg for å skyta så dei kunne la meg vera i fred.
Advokaten hans Victor Ovsynikov spurte bekreftande om intensjonen då ikkje var å drepa mannen.
– Nei, eg ville ikkje drepa.
Sersjanten sa sjølv at brotsverket fortener ei straff, og at han ikkje nektar for si skuld.
Torsdag bad han igjen kona til Shelipova om å bli tilgjeve.
I retten sa Kateryna Shelipova:
– Eg synast han fortener livstid for drap, men han kan godt bli utveksla med våre Mariupol-forsvararar, heltane frå Azovstal.
– Skaut tre til fire skot
Torsdag vitna den russiske soldaten Ivan Maltysev (21), som var med i same gruppe som Sjisjimarin.
Dei overgav seg til ukrainske styrkar med våpena sine, som blei brukt som bevis i retten torsdag.
Maltysev fortel at han hugsar at Sjisjimarin blei pressa til å skyta.
– Han gjorde det ikkje, så soldaten som eg veit namnet på, snudde seg i bilen og ropte at Vadim måtte utføra ordren, vitna Maltysev.
– På det tidspunktet var me nesten på sida av den sivile, og under press fyrte Vadim av. Han skaut tre til fire skot.
Forventar fleire rettssaker
Så langt hevdar Ukraina å ha identifisert 10.000 moglege krigsbrotsverk utført av det russiske militæret, skriv BBC.
Professor Lohne trur me kan forventa fleire straffeforfølgingar av russiske soldatar i varetekt i Ukraina.
Det har også den ukrainske riksadvokaten gått ut på Twitter og sagt.
Russland har på si side nekta for at troppane deira har retta seg mot sivile.
Den internasjonale straffedomstolen (ICC) i Haag har sendt ned eit team på 42 etterforskarar, som skal hjelpa etterforskarane i Ukraina.
Kva som er å forventa frå ICC si side er framleis opent, fortel Lohne.
– Det er veldig fint og eigentleg ganske ulikt domstolen å jobba så raskt som han gjer no.
Lohne fortel at ICC som regel straffeforfølger avgjerdstakarar og kommandantar, og i mindre grad soldatar på bakken.
Det er vanskeleg å straffeforfølga dei øvste ansvarlege, fordi det krev meir å bevisa at eventuelle overgrep mot sivile er del av ein militær strategi, fortel professoren.
– Det er noko domstolen er bevisst på, sjølv om litt av poenget bak domstolen er å straffeforfølga dei som er ansvarlege, og ikkje minst senda eit signal om at ingen er over loven når det kjem til krigsbrotsverk, brotsverk mot menneska og folkemord.