Hopp til innhold

Russisk skog må vika for motorveg

Russland vil gjennomføra planane om å byggja motorveg gjennom eit skogområde utanfor Moskva, trass i sterk motstand frå miljøaktivistar.

Miljøaktivist Yevgenia Chirikova i Khimki-skogen

Miljøaktivisten Yevgenia Chirikova har stått i spissen for motstandarane mot den nye motorvegen gjennom Khimki-skogen i Russland. Tysdag slo russiske styresmakter fast at dei skal realisera byggeplanen.

Foto: Mikhail Metzel / Ap

Det stadfestar ei talskvinne for Russlands president Dmitrij Medvedev tysdag, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Russiske styresmakter har møtt stor motstand frå miljøaktivistar på grunn av den planlagde motorvegen mellom Moskva og St. Petersburg.

Årsaka til dei kraftige protestane er at asfaltløypa skal gå gjennom Khimki-skogen utanfor hovudstaden.

Medvedev bedde om alternativ

Dmitry Medvedev

President Dmitrij Medvedev har lova det russiske folk meir makt.

Foto: MISHA JAPARIDZE / AFP

Statsminister Vladimir Putin har tidlegare lova at skogen vil verta skåna i arbeidet med motorvegen.

Håpet steig for aktivistane då Medvedev i august i år gav ordre om å stogga vegbygginga medan regjeringa vurderte alternative ruter for den planlagde motorvegen.

I dag kunngjorde regjeringa at dei til slutt har vedteke å gå vidare med den originale planen.

– Frårøving av eigedom

Eikeskogen i utkanten av Moskva er for mange tusen russarar ein rekreasjonsstad og ein plass å rømma til frå eksos og larm i Moskva. I byen Khimki bur 180 000 menneske.

– Dette er ein unik plass, seier Yevegenia Chirikova til Global Post.

Ho bur i utkanten av Khimki-skogen, og har vore ein av frontpersonane for protest-rørsla sidan 2006.

– Dette er ei fullstendig korrupt avgjersle og ei frårøving av eigedom, meiner Chirikova om motorveg-planane til den russiske staten.

Kritiserte - blei invalid

I 2008 fekk motstandarane mot den nye motorvegen auka merksemd. Redaktøren i lokalavisa Khimskaya Pravda, Mikhail Beketov, blei invalid og hjerneskadd etter å ha vorte offer for eit svært brutalt overfall utanfor heimen sin.

Beketov skreiv blant anna om det omstridde skogsområdet som russiske styresmakter skal fjerna for å gje plass til ein ny motorveg.

Dagen før Beketov blei banka opp, blei han funnen skuldig i å ha ærekrenkja ordføraren i Khimki i eit TV-intervju.

Gjerningsmennene vart aldri funne, og i november i år bestemte den russiske påtalemakta at saka skal verta etterforska på ny.

– Kan svekka Medvedev

Avgjersla om å gjennomføra vegbygginga gjennom Khimki-skogen kan svekka president Medvedev si støtte i opinionen, skriv Reuters.

Medvedev har sagt han vil kjempa for å gje aktivistar og den gjengse russiske borgar ei sterkare røyst i politiske avgjersler.

SISTE NYTT

Siste nytt