NRK Meny
Normal

Russisk politikar opprørt over prislønt pressefoto

Meiner fotografiet av drapet på russisk ambassadør vil inspirere terroristar.

Andrei Karlov
Foto: Burhan Ozbilici / AP

– Burhan Ozbilicis fotografi av drapet på den russiske ambassadøren i Tyrkia 19. desember i fjor skulle ikkje blitt heidra med verdas største fotopris, World Press Photo Of The Year.

Det skriv Russlands ambassade i Ankara i eit sint oppslag på Facebook, ifølge dr.dk.

Måndag denne veka vann fotografiet prisen for årets beste pressebilde i den gjeve konkurransen World Press Photo.

Den russiske ambassaden meiner avgjerda om å heidre fotografiet, som viser mannen som drap den russiske ambassadøren Andrej Karlov og etterpå frydar seg over det, er demoraliserande og representerer «ein totalsvikt i etikk og moral», skriv dr.dk.

Formann Konstantin Kosachev for utanriksutvalet i overhuset i det russiske parlamentet, er einig med sine landsmenn og fryktar konsekvensane av kåringa, skriv Le Monde.

– Kor mange andre terroristar vil bli inspirert av dette fotografiet, spør han.

– Ein unik dokumentasjon

Fotosjef i VG Gisle Oddstad har forståing for at den russiske ambassaden reagerer på bilde. Men Oddstad trur ikkje det er slike bilete som vil bidra til meir terror.

– Eg forstår godt at russarane reagerer med sterke kjensler, spesielt sidan det er deira landsmann som vart drepen. Men eg trur det er andre mekanismar enn pressefotografi som bidreg til terror.

Gisle Oddstad

FOR GODT TIL Å VERE SANT: Fotografiet høyrer heime i ein spelefilm, meiner fotosjef i VG, Gisle Oddstad.

Foto: VG

VGs fotosjef er ikkje i tvil om at det var riktig å publisere bildet.

– Dersom bilde ikkje hadde blitt publisert, hadde ikkje pressa gjort jobben sin. Det er ein unik dokumentasjon av ei stor nyheitshending, seier Oddstad.

Vinnarbildet er del av ein serie kalla «Eit drap i Tyrkia». Gjerningsmannen Mevlüt Mert Altintas, som er kledd i mørk dress og slips, held ein pistol i høgre hand medan han strekker venstre arm i vêret og peiker mot taket. På golvet ligg ambassadør Andrei Karlov død. Bildet er tatt berre sekund etter at han blei skoten.

– Bildet er nesten for godt til å vere sant. Det høyrer heime i ein spelefilm. Lyset er heilt perfekt og på det estetiske er ingenting å sette fingeren på. Det er ikkje ein bloddrope nokon stad. Eg tenkte med ein gong eg såg bilde at dette kjem til å vinne pris, seier Oddstad.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt