Hopp til innhold

Russisk patriark fryktar smarttelefonar banar vegen for Antikrist

– Det at menneske blir så avhengige av smarttelefonar og moderne teknologi, kan leie til at Antikrist snart dukkar opp, seier patriark Kirill, overhovudet for den russiskortodokse kyrkja.

Patriark Kirill.

Overhovudet for den russiskortodokse kyrkja, patriark Kirill, åtvarar mot overdriven bruk av smarttelefonar.

Foto: Pavel Golovkin / AP

I eit intervju med russisk fjernsyn seier patriarken at menneske bør vere forsiktige når dei nyttar seg av «det verdsfemnande nettet av tekniske dingsar», fordi det er mogleg å ta global kontroll over menneskeslekta.

– Antikrist er personen som vil kontrollere internett, og dermed kontrollere menneskeslekta, seier patriarken i intervjuet.

Kontroll av informasjonsflyten

– Kvar gong du brukar ein slik dings, om du likar det eller ikkje, så kan nokon finne ut kvar du er, akkurat kva du er interessert i og akkurat kva som gjer deg redd, seier han ifølgje BBC News .

Kirill er redd for at krefter kan lære seg å kontrollere informasjonsflyten på internett, og også å bruke denne informasjonen til å kontrollere menneske.

Patriark Kirill og president Vladimir Putin.

Patriark Kirill og den russiskortodokse kyrkja er kjent for å gi sterk støtte til president Vladimir Putin.

Foto: Alexander Nemenov / AP

– Kan du tenkje deg kor mykje makt det vil gi til dei som sit med denne kunnskapen? Ein slik kontroll frå ein stad vil vere eit varsel om at Antikrist kan dukke opp, seier han.

Patriarken presiserer at den russiskortodokse kyrkja ikkje er imot tekniske framsteg, men at dei er sterke motstandarar av eit system der målet er å kontrollere andre menneske.

– Vi er opptekne av fridomen til kvart enkelt menneske, legg han til.

Støtte til Putin

Patriark Kirill har eit godt forhold til Russlands president Vladimir Putin, og den ortodokse kyrkja har gitt sterk støtte til den nasjonalistiske politikken Putin har ført.

Dette gjer at mange som ikkje er like begeistra for Putin, skuldar patriarken for å kome med Antikrist-utspelet for å støtte opp om ein politikk som ynskjer å leggje restriksjonar på bruken av sosiale medium og Internett.

På eit tidspunkt der internettfridomen blir stadig mindre i Russland, og når styresmaktene etter alt å dømme prøver å etablere eit uavhengig russisk Internett, er det mange som meiner at Kirill gir ein slags guddommeleg autoritet til Putins politikk.

– Dei vil forby det internasjonale internettet i Russland slik at Antikrist ikkje dukkar opp, heiter det i ei ironisk melding på Twitter.

Blodig kirkesplittelse: – De tjener djevelen

Splittelse i den ortodokse kirken etter Putins hastemøte

SISTE NYTT

Siste nytt