Ni politifolk er blant dei skadde i tumultane, som skjer etter at estiske styresmakter fjerna eit sovjetisk krigsminnesmerke i sentrum av hovudstaden Tallinn.
Det var i natt også bråk i byen Johvi, 165 kilometer nordaust for Tallinn. I dette området bur det i hovudsak etniske russarar.
Rundt 30 prosent av dei 1,3 millionar innbyggjarane i Estland er etniske russarar.
Roleg og spent
NRKs Moskva-korrespondent Arne Egil Tønset kom til Tallinn frå Moskva i dag tidleg, og han kan fortelje om ei spent stemning i byen, sjølv om det er roleg no. Det er stort politioppbod i gatene, og mange av politibilane som køyrer rundt er påført skadar under tumultane dei siste to kveldane og nettene, fortel han.
Tønset seier at politiet reknar med uro også i kveld, og innbyggjarane i den estiske hovudstaden førebur seg på nye øydeleggingar.
Dette var andre natta på rad med samanstøytar i Tallinn. Natt til fredag vart ein 20 år gammal russisk statsborgar drepen i uroa, som er den verste i Estland sidan landet gjekk ut av Sovjetunionen i 1991.
Plyndring
I natt knuste dei russiske demonstrantane vindauge i Det nasjonale kunstakademiet, det var innbrot i Det nasjonale teateret, i fleire internasjonale motebutikkar og det var innbrot i fleire butikkar som sel alkohol.
Grupper av ungdomar ropte "Russland, Russland", og vifta med russiske flagg
Politiet brukte vasskanonar og tåregass for å slå demonstrantane tilbake, og det er sett opp betongsperringar rundt parlamentet og regjeringsbygningen. Ungdomane kasta brannbomber og stein mot politiet.
Sist det vart sett opp slike sperringar rundt parlamentet var i 1991, då russiske stridsvogner gjekk inn i Tallinn for å slå ned det gryande opprøret mot Sovjetunionen.
Det har vore sterke spenningar mellom etniske russarar og estarar sidan frigjeringa i 1991, men det har aldri tidlegare kome til så alvorleg valdsbruk
Russland reagerer
Russiske styresmakter har fordømt måten estisk politi har slått ned på demonstrasjonane, og utanriksminister Sergej Lavrov seier at Estland kan vente seg alvorlege reaksjonar.
Det sovjetiske krigsmonumentet blir av russarane sett på som eit symbol på kampen mot fascismen under andre verdskrigen, ein kamp som kosta mellom 20 og 30 millionar russarar livet.
For estarane har monumentet, som viser ein sovjetisk soldat, vore eit symbol på undertrykkingane dei opplevde gjennom mange år med sovjetisk okkupasjon.