Hopp til innhold

Russisk og svensk skip kolliderte i Øresund

Eit svensk konteinarfartøy og ein russisk fregatt har kollidert i dansk farvatn ved Øresundbrua. Det er ikkje meldt om skadde.

I og med at kollisjonen skjedde i den danske delen av Øresund, er det Danmark som leier arbeidet på staden, seier redningsleiar Jörgen Hansson i det svenske Sjöfartsverket til Aftonbladet.

Men den svenske kystvakta deltar med båtar og helikopter.

Laster Twitter-innhold

Konteinarfartøyet Ice Rose er registrert i Majuro på Marshalløyane. Det er 145 meter langt, og var på veg til Göteborg då det kolliderte med fregatten.

– Det er ikkje meldt om skadde eller om eventuell lekkasje, seier Hansson til avisa.

Fregatten har no forlate staden den kollisjonen skjedde. Men konteinarfartøyet ligg for anker der. Ingen er skadd. Årsaka til kollisjonen var truleg tett skodde, seier vakthavande på operasjonssenteret i det danske forsvaret til Kvällsposten.

Den russiske fregatten segla med avslått AIS, som er eit radiosystem for automatisk identifikasjon, skriv nettstaden Søfart.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt