Den siste veka har ukrainske bakkestyrkar teke seg over grensa til Russland, noko ukrainske styresmakter stadfesta først laurdag. Då hadde russiske styresmakter i fleire dagar meldt om åtak frå ukrainske bakkestyrkar.
Natt til laurdag kunngjorde russiske styresmakter ein såkalla antiterroroffensiv mot dei ukrainske styrkane. Seinare same dag opplyste Russland at 76.000 innbyggjarar i Kursk er evakuerte.
Søndag ettermiddag hevdar det russiske forsvarsdepartementet at dei har råka ukrainske styrkar opptil 30 kilometer inne i Kursk fylke frå den ukrainske grensa.
Utanriksminister Espen Barth Eide kallar angrepet inne i Russland eit smart trekk.
– Eg trur det skaper ein betydeleg «moralboost» for eit hardt prøva ukrainsk folk, og ganske mykje kaos på russisk side, for dette såg dei nok ikkje kome.
Han meiner offensiven inne i Russland kan gje Ukraina eit betre utgangspunkt ved forhandlingsbordet i framtida.
– Det har på mange måtar endra spelet. Det betyr ikkje at heile krigen er endra. Det er framleis slik at russarane hamrar på lenger sør, ved Donetsk til dømes, men dette er eit element som nok tener i Ukrainas favør, seier Eide.
Utanriksministeren meiner den som blir angripen ifølgje folkeretten har full rett til å forsvare seg mot angrepet, også inne på angriparen sitt territorium.
På spørsmål på om det at ukrainarane no eventuelt bruker våpen dei har fått av Noreg i den pågåande offensiven på russisk jord, kan påverke Noregs sikkerheit, svarar Eide at han ikkje kommenterer korleis enkeltvåpen som blir donerte vert brukt, men at «det er velkjent frå media at ein del moderne vestleg utstyr blir brukt i offensiven».
– Det som vil endre tryggleiken vår, er utfallet av sjølve krigen. For viss det er slik at Russland og Putin på nokon måte lukkast her. At det å angripe og invadere eit naboland vest for seg skulle lukkast, så kan det gje meirsmak, og det er i så fall svært alvorleg for oss, seier Eide.
– Du kallar dette et nytt kapittel i krigen. Kan det også bli det kapittelet som kan få ein slutt på krigen?
– Eg trur det er utruleg viktig å ikkje spekulere, og ein skal heller ikkje overdrive dette. Det meste av kamphandlingane skjer framleis på ukrainsk territorium. Men det er denne typen overraskingar og initiativ som av og til fører til endring i krigar, svarar Eide.
NRK skreiv tidlegare denne veka om at fleire ukrainarar er krigstrøytte og vil gje frå seg landområder til Russland for å få fred.
Fram til førre veke var det mykje snakk om kor langt inn Russland har kome inn i Ukraina påpeikar Eide.
– No er vi i ein ny situasjon. At det no er massiv kritikk internt i Russland, òg frå prorussiske militærbloggarar, om at kanskje forsvarssjef Gerasimov ikkje har informert president Putin om dei faktiske forholda. Det er ein type debatt som òg på sikt kan svekkje den russiske viljen.
– Men eg trur vi må vere førebudde på at det òg kan kome russiske straffeåtak mot Kyiv og andre byar, for dette trur eg Putin er ganske forbanna for, seier Eide.
Far og son drepne i russisk flyangrep mot Kyiv
Ein fire år gammal gut og hans far vart drepne og tre andre såra, som følge av eit russisk luftangrep mot Kyiv natt til søndag.
Ein 13-åring er blant dei tre såra i Kyiv, står det i ei utsegn frå Ukraina sine nødtenester i meldingstenesta Telegram tidleg søndag morgon.
Tidlegare natt til søndag opplyste Kyivs ordførar Vitalij Klitsjko at russiske styrker hadde sat i gang eit luftangrep mot den ukrainske hovudstaden. Han uttalte vidare at ukrainsk luftvern vart aktivert for å slå tilbake angrepet.
Folk nyheitsbyrået Reuters har snakka med, sa litt tidlegare i natt at dei hadde høyrt lyden av minst to eksplosjonar frå det som truleg var luftvernsystem.
Flyalarmen vart tidleg natt til søndag utløyst også i Kyiv-regionen, samt heile den austlege delen av Ukraina. Det opplyser det ukrainske luftforsvaret på Telegram.
Ukrainske styrkar øydela 53 av 57 angrepsdronar som Russland skaut mot Ukraina i natt, fortel Kyiv sitt luftforsvar på søndag, skriv Reuters.
Dronane vart øydelagde over ulike delar av Ukraina under åtaket, som luftforsvaret også hevdar inkluderte fire nordkoreansk-produserte rakettar.
Fleire såra i Kursk by
Minst 13 menneske skal vere såra etter å ha blitt treft av vrakrestar frå ein nedskoten ukrainsk rakett over byen Kursk i natt, ifølgje lokale styresmakter.
Tilstanden er alvorleg for to av dei 13, ifølgje ei fråsegn frå den fungerande guvernøren i Kursk-regionen, Aleksej Smirnov, på meldingstenesta Telegram natt til søndag.
Smirnov har publisert fleire bilde på Telegram av ei bustadblokk med knuste vindauge og brannskadar som skal ha blitt skadd av vrakrestane.
Nyheitsbyrået AP har publisert bilde av bebuarar i ei bustadblokk som dei skriv at vart skadd i angrepet.
Smirnov seier òg at han har gjeve ordre om raskare evakuering av sivile som bur i risikoutsette område i Belovskyj-distriktet sørvest i Kursk, skriv NTB.
I ei fråsegn frå det russiske forsvarsdepartementet søndag morgon står det at 14 ukrainske dronar og fire ballistiske rakettar er skotne ned i Kursk. Også i Voronezj og fleire andre russiske regionar skal dronar ha blitt avskorne.