Hopp til innhold

Russisk boikott skaper dansk grisekrise

Importforbodet Russland har innført av fleire landbruksprodukt frå EU har ført til krise for danske grisebønder.

Grisunger på Rudshøgda

HOPAR SEG OPP: Titiusenvis av smågrisar hopar seg opp i Danmark. Her er grisungar på Hed-Opps slakteri på Rudshøgda nord for Hamar.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Smågrisane hopar seg opp hos fleire danske grisebønder, samtidig som prisen på smågris har stupt den siste tida, skriv Jyllands-Posten. Bøndene sit inne med titusenvis av små grisar, og panikken er i ferd med å spreie seg blant grisebøndene, ifølgje avisa.

Ekstremt låge prisar

– Akkurat no har vi 30 000 grisar som det omtrent er umogeleg å finne kjøparar til, trass i at prisane er svært låge, seier direktør Peter Skov Madsen SPF-Danmark, som omset fleire smågrisar enn nokon andre i Danmark.

Henrik Mortensen i Landsforeningen av Danske Svineproducenter seier at dette skaper raskt problem, fordi grisane veks kring 650 gram om dagen. Enkelte danske grisebøndet har tidlegare selt kring 1 000 smågrisar i veka, men når etterspurnaden minkar, aukar bestanden raskt.

Overproduksjon

Ein stor del av dei 10 millionar smågrisane Danmark årleg eksporterer, går til Tyskland og Polen. Det russiske importforbodet, som vart innført som svar på Ukraina-sanksjonane som EU innførte mot Moskva, har resultert i overproduksjon i EU, og dermed også synkande etterspurnad etter danske smågrisar.

Russland er den nest største marknaden for bøndene i EU, som årleg eksporterer landbruksprodukt for nærare 100 milliardar kroner til landet. Det utgjer 10 prosent av den samla landbruksproduksjonen i EU.

SISTE NYTT

Siste nytt