NRK Meny
Normal

Russisk ambassade: – Skuffa over PST

Den russiske ambassaden i Noreg skriv i eit innlegg på facebook at dei er veldig skuffa over raporten til tryggingspolitiet, PST.

Den russiske ambassaden

FORFERDA: Den russiske ambassaden i Oslo skriv på sine facebooksider at dei er forferda over PST, og deira vurdering av Russland.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Vi er veldig skuffa over rapporten til tryggingspolitiet. Der serverer dei nye porsjonar med grunnlause påstandar om at dei russiske tryggingstenestene driv aktiv etterretning i Noreg, skriv dei på sine facebooksider.

– Paradoks

Dagbladet skriv at ambassaden viser til paradokset i at PST, Politiets tryggingsteneste, kjem med desse påstandane samstundes som den norske regjeringa stadig understrekar kor viktig det er med god kontakt mellom landa for å løyse fleire vanskelege saker.

Benedicte Bjørnland

TYDELEG: PST-sjef Bendecite Bjørnland seier dei held eit auge med Russland.

Foto: NRK

– Dette er ikkje anna enn nok eit forsøk på å demonisere Russland trass i det tradisjonelt gode samarbeidet og naboskapen landa mellom, skriv ambassaden.

PST-sjef Benedicte Bjørnland sa denne veka at dei ser ein omfattande og aggressiv etterretning frå andre land. Ho peikte spesielt på Russland som det landet som har størst potensial til å skade norske interesser.

Hentar informasjon i Noreg

– Dessverre får vi inntrykk av nokon absolutt ikkje er interesserte i normalisering av forholdet, og gjer alt dei kan for å presse oss tilbake tida med «kald krig», står det på facebooksida.

– Dei brukar dei verkemidla dei har tilgjengelege. Det er snakk om menneskebasert innhenting, og dei har etterretningsoffiserar på plass i Noreg, sa Bjørnland om russarane då PST la fram si trugselvurdering for 2016.

Det har vore store diskusjonar om samarbeidet mellom norske og russiske myndigheiter i vinter om asylsøkjarane på Storskog.

PST ikkje overraska

Reaksjonen frå Russland overraskar ikkje PST.

– Det motsette ville vore oppsiktsvekkjande, viss de var samd i våre betraktningar, seier PST-sjef Benedicte Bjørnland til NRK.

– Er det lurt å si sånn om Russland som er et så stort og mektig naboland?

– Vi er landets tryggingsteneste og vi ville ikkje gjort jobben vår viss vi så på dette, visste om det og ikkje gjorde den norske befolkninga og våre norske myndigheiter oppmerksomme på det vi ser av aktivitet.

– Har nokon blitt utvist frå landet?

– Det kommenterer vi ikkje.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt