Hopp til innhold

Rundt 500 arresterte i Toronto

Rundt 500 demonstrantar er arresterte i harde samanstøytar mellom demonstrantar og politi i Toronto i Canada, der G20-toppmøtet går føre seg.

Video Bilbrann i Toronto i forbindelse med G20-møtet

VIDEO: Sjå den dramatiske videoen frå Anders Tvegård.

Fleire politibilar vart sette i brann i Toronto.

Fleire politibilar vart sette i brann i samanstøytane.

Foto: Anders Tvegård / NRK

I natt opplyste politiet at 130 demonstrantar var pågripne, men i ettermiddag norsk tid vart talet oppjustert til 500. Politiet førebur seg no på nye samanstøytar i Toronto utover dagen lokal tid.

Det var ein ekstremt uroleg laurdagskveld i den kanadiske storbyen. Store politistyrkar vart utplasserte, og fleire hundre maskerte og svartkledde anarkistar braut ut av den fredelege demonstrasjonen for å setje fyr på politibilar og knuse vindauge i bitikkar, kafear og bankar.

NRKs USA-korrespondent Anders Tvegård er i Toronto, og han kan fortelje at det har vore samanstøytar i byen i heile natt norsk tid, altså i går kveld lokal tid. Han fortel at politiet er sikker på at opptøyane har vore grundig planlagde.

LES OGSÅ: Flere arrestert under voldelige demonstrasjoner

LES OGSÅ: G8: - Økonomien fortsatt skjør

Bilar i brann

Fleire reportasjebilar frå store internasjonale fjernsynsstasjonar vart også sette i brann i natt.

Fleire av demonstrantane kom seg heilt fram til sperringane rundt området der G20-leiarane sat i møte, men ingen greidde å forsere sperringane.

Fleire skal ha blitt lettare skadde i samanstøytane, og politiet brukte tåregass og køller for å få folk til å roe seg ned.

Politibil i brann i Toronto

Det samla seg mange tilskodarar til det som skjedde i Toronto.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Politisjefen i Toronto, Bill Blair, seier dei har arrestert fleire av dei som har spelt ei leiande rolle i dei valdelege demonstrasjonane er arresterte. Han gjorde det i natt norsk tid klart at politiet ikkje ville bruke silkehanskar mot dei valdelege demonstrantane.

LES OGSÅ: - Canadier ville bombe G20-møte

Verste nokon gong

- Vi har aldri tidlegare opplevd eit slikt omfang av omsynslaus kriminalitet og vandalisme i gatene her i byen. Ytringsfridomen har sine avgrensingar, og tek slutt når han går ut over andre menneske sine rettar og tryggleik, sa politisjefen vidare.

Blair gjer det klart at dei valdelege demonstrantane ikkje har greidd å ta fokus bort frå jobben deira, å sikre G20-toppmøtet i byen.

Han oppmoda innbyggjarane i Toronto til å halde seg unna sentrumsgatene, der det seint i går kveld norsk tid var harde samanstøytar mellom politiet og dei svartkledde.

Fleire augevitne fortel at politiet har skote plastkuler mot demonstrantane, men politiet kan ikkje stadfeste dette.

Harde samanstøytar mellom politi og demonstrantar i Toronto.

Minst 75 demonstrantar er pågripne etter dei valdelege samanstøytane i Toronto.

Foto: SCOTT OLSON / Afp
Politiet har slått ein jarnring rundt konferanseområdet.

Politiet har slått ein jarnring rundt konferanseområdet i Toronto.

Foto: Anders Tvegård / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt