NRK Meny
Normal

Klatrarar fanga etter jordskjelv

Eit jordskjelv målt til 5.9 på Richters skala vart registrert nær Mount Kinabalu på Borneo i Malaysia fredag morgon. Skjelvet tok med seg ein del av fjellet, og rundt 130 fjellklatrarar sit fast.

Jordskjelv nær Mount Kinabalu i Malaysia

MOUNT KINABALU: Eitt av dei høgste fjella i Søraust-Asia. Sterke jordskjelv er sjeldne i området.

Foto: BluËSky BlÜe / Flickr Commons

– Anna enn pågåande redningsoperasjonar er vår prioritet å sende mat, drikke og varme kle til dei som sit fast i fjellet, seier turistsjefen i regionen, Masidi Manjun.

Redningsmannskap har bede klatrarane halde seg i ro, og er no på veg til fjellet som er eitt av dei høgste i Søraust-Asia. Ifølge talsmenn for myndigheitene har minst elleve klatrarar fått skadar som beinbrot og hovudskadar idet skjelvet utløyste steinskred frå toppen av det 4095 meter høge fjellet. Ein skal ha prøvd å hente dei ned med helikopter, men desse måtte snu grunna dårleg ver. Det er fare for ytterlegare steinskred, og ein av hovudstiane er sperra.

Bilete som turistsjefen har lagt ut på Twitter, vitnar om styrken på skjelvet, som tok med seg det eine av dei populære «Eseløyra», ein karakteristisk del av fjellet.

Laster Twitter-innhold

Klatrarane er både utanlandske turistar og malayar. Tusenvis av menneske fullfører den relativt enkle klatreturen kvart år. Ettersom det er skuleferie i Malaysia var det ekstra mange menneske i fjellområdet.

– Det kjentes som ein trailer har krasja inn i ein murvegg, seier Colin Forsythe, ein innbyggar frå regionhovudstaden Kota Kinabalu til nyhendebyrået AFP.

Jordskjelvet skjedde kl. 07.15 lokal tid 54 kilometer aust for byen. Store jordskjelv er sjeldne i Malaysia, som ligg rett utanfor den såkalla «eldringen», eit belte av seismisk aktivitet i Stillehavet.

Det er så langt ikkje meldt om omkomne.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt