NRK Meny
Normal

Kjøpte sjeldan diamant til 280 millionar

Ein sjeldan rosa diamant, som vert omtalt som ein av dei mest etterspurde og vakraste i verda, blei tysdag seld til rekordhøge 280 millionar kroner på ein Sotheby`s auksjon i Geneve, Sveits.

Diamant seld til rekordpris

Ifølgje auksjonshuset Sotheby`s var det første gong på 60 år at ein diamant av typen «fancy intense pink» vart lagd ut for sal.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Diamanten som vert kalla «fancy intense pink» blei seld etter ein like intens budrunde.

Den nye eigaren måtte ut med svimlande 46 millionar dollar, eller om lag 280 millionar norske kroner for den 24.78 karats diamanten.

Auksjonshuset Sotheby`s hadde i forkant venta å få ein pris på mellom 27 og 38 millionar dollar, tilsvarande mellom 157 og 222 millionar norske kroner.

Til privat diamantsamling

Ein av leiarane for Sotheby`s gullsmedavdeling har tidlegare omtalt diamanten som «ein av dei reinaste og mest fullkomne diamantane nokonsinne».

Den sjeldne diamanten har eit klassisk smaragdkutt og svakt avrunda hjørne. Den skal høyra til ein kategori der berre to prosent av alle diamantar høyrer heime.

Kjøparen av det rosa vidunderet, Laurence Graff, er ein diamantforhandlar frå London som hadde sett seg ut unikumet til den private diamantsamlinga si. Han gav umiddelbart den nyaste ervervinga si namnet "The Pink Graff", skriv nyhetisbyrået AP.

Dobbel verdsrekord

Den førre verdsrekorden var det rivalen Christie`s som hadde. I 2008 selde auksjonshuset ein blå 35,65 karats Wittelsbach-Graffdiamant for 24,3 millionar dollar, tilsvarande 142 millionar kroner.

Ifølgje Sotheby`s var det første gong på 60 år at ein slik type diamant vart lagd ut for sal.

Totalt vart det seld gullsmedvarer til ein verdi av 105 millionar dollar, eller om lag 640 millionar norske kroner, på Sotheby`s-auksjonen tysdag.

Også dette var verdsrekord for ein gullsmedvareauksjon.

Blant luksusvarene som gjekk under hammaraen var smykke som tidlegare har tilhøyrt Christina Onassis og Christina Ford.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt