Mange av gravferdsgjestane var væpna, og det vart skote i lufta. Det vart ropt slagord til støtte for Gaddafi-familien og krav om ei kraftig hemn etter
. Angrepet kan ha blitt utført av .- Hemn for martyren
- Folket vil ha hemn for martyren, ropte folkemengda. Mange av deltakarane bar med seg libyske flagg og bilete av Muammar Gaddafi.
To av brørne til Seif al-Arab Gaddafi var også til stades i gravferda, Seif-al Islam Gaddafi og halvbroren Mohammed Gaddafi. Også den katolske biskopen i Tripoli, Giovanni Martinello, var blant deltakarane i gravferda.
Kista var drapert i eit grønt libysk flagg, og ho vart boren til gravplassen medan folk ropte «Allah akhbar». Det franske nyheitsbyrået AFP mrlder at det vart skote fleire tusen skot i lufta med automatvåpen etter at kista var lagt i grava.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
- Tre barnebarn gravlagde
Det offisielle nyheistbyrået Jana melde i kveld at tre barnebarn av Muammar Gaddafi vart gravlagde samstundes, men ingen uavhengige kjelder kan stadfeste at det var barnekister i gravferda.
Samstundes har ein av støttespelarane til Muammar Gaddafi internasjonalt, den venezuleanske presidenten Hugo Chavez, bede FN om å fordømme drapet på Seif al-Arab Gaddafi.
Måndag kveld kjem det meldingar om at styrkar som er lojale til Muammar Gaddafi har gått til angrep på den opprørskontrollerte byen Zintan. Det skal vere skote minst ti Grad-rakettar mot byen.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: