Hopp til innhold

Romrakett med dramatisk naudlanding

Ein russisk romrakett med ein amerikansk- og ein russisk astronaut om bord, havarerte like etter oppskyting frå Kasakhstan i dag. Begge astronautane kom frå ulukka utan skadar.

En romrakett som fraktet en russisk og en amerikansk astronaut mot den internasjonale romstasjonen feilet etter oppskytning.

VIDEO: Sjå astronautane inne i romkapselen når feilen oppstår

Sojuz FG-10 vart skoten opp frå det russiske romsenteret i Baikonur i Kasakhstan i føremiddag norsk tid. Målet til amerikanske Nick Hague og russiske Alexej Ovtsjinin var Den internasjonale romstasjonen ISS.

Kapselen med dei to om bord landa trygt på dei kasakhstanske steppene. Den amerikanske romfartsorganisasjonen Nasa opplyser at ingen av dei hadde behov for medisinsk oppfølging etter det harde møtet med moder jord.

– Står bra til

Nick Hague og Alexej Ovitsjinin før start.

Nick Hague og Alexej Ovtsjinin smiler optimistisk til fotografen før oppskytinga.

Foto: Yuri Kochetkov / AFP

Etter at dei to har gått gjennom medisinske testar i ettermiddag, opplyser den russiske romfartsorganisasjonen Roskosmos at alt står bra til med dei to astronautane.

Den russiske visestatsministeren Juri Borisov seier til nyheitsbyrået Interfax at problemet oppstod då den første og andre delen av startraketten skulle skilje lag. Årsaka til feilen er førebels ikkje kjend.

Video frå inne i raketten når feil feilen oppstod, viser at dei to astronautane rista skikkeleg, medan dei fekta med armane då dei vart utsette for dei sterke gravitasjonskreftene.

Nick Hague (t.v.) og Jurij Ovtsjinin.

Astronautane Nick Hague (t.v.) og Jurij Ovtsjinin var i fin form etter naudlandinga på steppene i Kasakhstan.

Foto: Ho / AFP

Rask lokalisering

Sojuz-rakett skoten opp frå Kasakstan.

Alt såg normalt ut like etter oppskytinga frå Kasakhstan.

Foto: Bill Ingalls / AFP

Astronautane kom raskt i kontakt med Baikomur Cosmodrome etter landinga, der dei fekk gitt beskjed om at dei hadde kome frå ulukka utan skadar. Deretter tok det ikkje lang tid før redningshelikopter lokaliserte dei.

Hague og Ovtsjinin skulle etter planen opphalde seg på ISS i eit halvt år, der dei blant anna skulle utføre ein del reparasjonar på utstyret.

Havariet får ikkje konsekvensar for dei som oppheld seg på ISS i dag. Dei har nok forsyningar, og ulukka med raketten i dag vil ikkje få konsekvensar for arbeidet der, melder det russiske nyheitsbyrået Tass.

Sojus MS-10 like etter utskyting.

Noko gjekk gale like etter utskytinga av den russiske Sojuz-raketten frå Kasakhstan i dag. Målet for romferda var den Internasjonale romstasjonen ISS.

Foto: Dmitri Lovetsky / AP

SISTE NYTT

Siste nytt