NRK Meny
Normal

Romneys tale skapar lettelse

Mitt Romneys tale vert skildra som den viktigaste i hans politiske karriere – og kanskje den beste. Men det var òg lettelse blant støttespelarar og kommentatorar etter talen. Romney har bestått prøven.

Mitt Romney saman med kona Ann Romney

HELDT EIN SOLID TALE: Romney prøvde seg til og med på komikk, ulikt det imaget han har hatt til no.

Foto: JEWEL SAMAD / Afp

– Romney forsegla sitt kandidatur i kveld. Eg kjenner han personleg, og ein kan stole på Mitt Romney. Han er ein mann du gjerne går til banken med, seier Bob Letourneau, delegaten frå New Hampshire.

Og det er ein representativ kommentar på Mitt Romneys tale etter at den openberre jubelen og tårene har lagt seg på innsida av landsmøtesalen.

Fleire kommentatorar, støttespelarar og mediehus teiknar eit bilete av ein solid tale, men ikkje meir.

– Når det gjeld den store veljargruppa kvinnene, så er eg ikkje sikker på at hans nesten-tårer er nok til å trekkje til dømes unge kvinner, seier NRKs utanrikskommentator, Gro Holm.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Romney og Ryan tek imot applaus

STOR APPLAUS INNI SALEN: Men ikkje like stor begeistring utanfrå.

Foto: JEWEL SAMAD / Afp

Romney får òg kritikk av fleire for å ikkje ha kome med meir konkrete forslag til sine eigne lovnader, til dømes om jobbar.

– Vil nokon tru på at Romney skal skaffe 12 millionar nye jobbar? Ingen har gjort noko sånn før han, og det skal mykje til, seier Holm.

Les Gro Holms kommentar til Romneys tale.

«Traust», «keisam», «ambisiøs», «banal»

BBCs redaktør for Nord-Amerika, Mark Mardell, var heller ikkje vidare imponert over nattens tale.

– Det var ikkje ein fortryllande tale, men han gjorde jobben sin, seier Mardell i ein kommentarartikkel. Han kallar talen ambisiøs, men at han stod fram som keisam til tider.

Hilde Eliassen Restad

SLEPP IKKJE UNNA DEN HAN ER: Hilde E. Restad, seniorforskar ved NUPI, fylgjer landsmøtet til Republikanarane frå Tampa, Florida.

Foto: NUPI

Av norske kommentatorar er Hilde Restad på plass i Tampa. Ho er seniorforskar ved Norsk utenrikspolitisk institutt og ekspert på USA. På sin blogg kommenterer ho i morgontimane Romneys tale, og kjem med følgjande dom:

– Sjølv om Romney aldri kan sleppe unna den han eigentleg er (traust, roleg, gammaldags og lett merkeleg) så hadde han øvd nok denne gongen til at talen sat som eit skot.

Storavisa New York Times går så langt som å skulde Romney for løgn, og kallar talen banal.

– Eitt av premissa Romney la for talen sin var at Republikanarane ville at Obama skulle lukkast i 2008. Det er ei omskriving av historien, skriv avisa i ein redaksjonell kommentar.

Eastwood-show til jubel – og kritikk

Før talen til Romney var det den populære skodespelaren Clint Eastwood som stal showet. Han tala til ein fiktiv, og usynleg, Barack Obama, og fortalte om kor skuffa han er over Obama-administrasjonen.

(Artikkel held fram under biletet.)

Clint Eastwood pratar til ein "usynleg" Barack Obama

TWITTER-FENOMEN: Showet til Clint Eastwood var ein krass kritikk av Barack Obamas politikk. No får han sjølv kritikk.

Foto: SCOTT OLSON / Afp

Latteren og jubelen var svært høglytt i landsmøtesalen då Eastwood styrte showet. Men allereie har det skapa furore blant kommentatorar, og på Twitter. Eit søk på hashtagen #eastwooding genererer Twitter-meldingar nesten kvart tiande sekund. Men desidert mest av den kritiske sorten:

– Clint Eastwood leverte eit heilt usamanhengande show, skriv Politico, ei av USAs leiande aviser som dekker politikk.

Òg den legendariske filmkritikaren Roger Ebert har kasta seg på kritikken av skodespelaren.

– Clint, min helt, står fram for meg som trist og patetisk. Dette trengte han ikkje å gjere, sa han i ei Twitter-melding.

Mitt Romney godtok nominasjonen som republikanernes presidentkandidat og holdt tale

HANS STØRSTE POLITISKE TALE: Mitt Romney godtok nominasjonen som republikanernes presidentkandidat og holdt tale i natt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt