Hopp til innhold

Romney føre Obama på ny meiningsmåling etter TV-debatt

Republikanaranes utfordrer Mitt Romney har for fyrste gong teke ei klar leiing på ei meiningsmåling føre presidentvalet i USA i november.

Republikanarane sin presidentkandidat Mitt Romney

FLYT PÅ MEDGANGSBØLGE: Mitt Romney er forbi Barack Obama i ei meiningsmåling for fyrste gong. Her frå eit valmøte i Virginia måndag denne veka.

Foto: JIM WATSON / Afp

Det kjem fram i målingen som er gjort av Pew Research Center som vart offentleggjort måndag kveld.

Blant dei som seier at dei sannsynlegvis vil stemme, får Romney ein tilslutnad på 49 prosent, medan president Barack Obama får ein tilslutnad på 45 prosent.

Gro Holm

MEIR NYANSERT: NRKs utanrikskommentator Gro Holm minnar om at det finst mange slike målingar i USA før valet.

Foto: Ekroll, Anne Liv / Anne Liv Ekroll, NRK

Men i USA er det mange byrå som gjer målingar heile tida, og NRKs utanrikskommentator Gro Holm minnar om at biletet er meir nyansert enn det som kjem fram i den siste målinga.

– Etter førre vekes TV-debatt har to målingar vist uavgjorte resultat, medan Obama har vunne éi måling knapt. Og så har altså Romney vunne denne målinga litt klarare, seier ho, og held fram:

– Obama leiar framleis i dei fleste vippestatane. Så sjølv om Romney har større tilslutnad på akkurat denne målinga, kan Obama framleis vinne vippestatane.

På ei tidlegare måling gjort av Pew frå 12. til 16. september, leia Obama klart med 51 prosents støtte mot Romneys 42 prosent.

Romney har fått ein kraftig oppsving i opinionen etter hans sterke framtoning i TV-debatten med Obama onsdag førre veke. Fram til då hadde Obama ei klar leiing basert på eit gjennomsnitt av målingane gjort av nettstaden realclearpolitics.com.

(NTB-NRK)

SISTE NYTT

Siste nytt