NRK Meny
Normal

Spektakulær helikopter-flukt frå russisk fengsel

Ein drapsdømd fange greidde å flykte frå eit russisk fengsel i dag ved å klatre opp taustigen som var kasta ut frå eit kapra helikopter.

Video Dramatisk flukt frå russisk fengsel

VIDEO: Video frå russisk fjernsyn.

Det var som henta ut av ein Hollywood-film. Eit MI-2-helikopter kom lågt innover fengsel nummer N17 i byen Sjeksna i Vologda-regionen nord for Moskva. Medan helikopteret hang over luftegarden vart det kasta ut ein taustige.

Ventande bil

Helikopter av typen MI-2.

Det var eit helikopter av denne typen, MI-2, som vart brukte under flukta.

Foto: EBU

Drapsdømde Alexei Sjestakov (36) la på sprang mot stigen. Vaktene prøvde å hindre han, men han slo seg laus og greidde å klatre opp i helikopteret, som straks sette kursen bort frå fengselsområdet mot byen Vologda.

Då helikopteret landa i utkanten av Vologda, stakk den rømde fangen og dei to hjelparane hans bort til ein ventande bil. Bilen forsvann i stor fart, har helikopterpiloten forklart til politiet.

Det russiske nyheitsbyrået Itar-Tass melder at det sivile helikopteret vart kapra av to personar, ein mann og ei kvinne, kor tid før den spektakulære fluktoperasjonen. Helikopteret er eigd av eit privat firma i området.

– Trua piloten med våpen

Alexei Sjestakov, drapsdømd russisk fange.

Dette er mannen som i dag greidde å flykte frå fengselet i eit helikopter, Alexei Sjestakov.

Foto: EBU

Mannen og kvinna skal ha trua helikopterpiloten med våpen.

Sjefen for kriminalpolitiet i Vologda-regionen, Natalja Letenkova, seier til Itar-Tass at dei konsentrerer etterforskinga om tre stader. Det er staden der helikopteret vart kapra, så fengselet og til slutt staden der helikopteret land, der dei tre personane stakk av.

Politiet har sett i verk ei storstilt jakt på den drapsdømde fangen og dei to hjelparane hans. Alexei Sjestakov hadde sona rundt halvparten av fengselsstraffa si då han flykta.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt