Hopp til innhold

Romania: Statsministeren går av

Den rumenske statsministeren Emil Boc går av etter veker med landsomfattande protestar mot budsjettkutt.

Emil Boc

Emil Boc går av som statsminister i Romania etter veker med gateprotestar.

Foto: ANDREI PUNGOVSCHI / Afp

45 år gamle Boc seier han vil dempa dei politiske og sosiale spenningane i landet ved å levera avskjedssøknaden til regjeringa, som har vore målet til demonstrantane.

– Dette er tida for viktige, politiske avgjerder. Difor går eg av, sa Boc i ein direktesendt tale etter eit regjeringsmøte i dag.

Han går av etter at fleire tusen menneske dei siste vekene har samla seg til demonstrasjonar mot harde budsjettkutt og politisk ukultur i Romania.

Demonstrasjon i den rumenske hovudstaden Bucuresti

Demonstrantar i hovudstaden Bucuresti 5. februar.

Foto: RADU SIGHETI / Reuters

Krev at også presidenten går av

Presidenten i Romania, Traian Basescu

President Traian Basescu

Foto: GEORGES GOBET / Afp

Demonstrantane har også kravd at president Traian Basescu går av, men han har no nominert Catalin Predoiu til å leia ei interimsregjering. Predoiu har vore justisminister i Romania siden 2008.

Han er partipolitisk uavhengig, men tilhøyrte tidlegare Liberalistpartiet, som i dag er i opposisjon.

Den avgåtte statsministeren Emil Boc ber politikarane om å bli samde om ei ny regjering raskt for å sikra eit stabilt Romania i vanskelege økonomiske tider.

Avgangen til Emil Boc kjem dagen etter at ein samla delegasjon frå Det internasjonale pengefondet og EU hylla regjeringa hans for å innføra fleire reformer dei siste månadene.

Val i november

Det er venta at president Traian Basescu skal møta representantar frå alle dei politiske partia seinare i dag for å diskutera budsjettpakta til EU og den politiske siuasjonen i landet.

Det blir halde val i Romania seinare i år. Regjeringspartiet PDL har ein oppslutnad på under 20 prosent på fleire meiningsmålingar.

SISTE NYTT

Siste nytt