NRK Meny
Normal

Romania: – Dagen vi gjev opp, er dagen vi døyr

Heavymetal-bandet «Goodbye to Gravity» skulle berre promoterer den nye plata si. Det enda med 45 døde og krav om revolusjon.

'Goodbye to Gravity' på scenen i Bukuresti

Gneisten som tende ein tragisk brann, men også eit håp om endringar. Fotografiet er frå sekunda før brannen på nattklubben Colectiv. 44 miste livet.

Foto: STRINGER/ROMANIA / Reuters

ROMANIA-BLAST/ Pascu and Alexandru of the Romanian metal band 'Goodbye to Gravity' perform before a fire broke out inside a nightclub on Friday, in Bucharest

Alexandru og Pascu under den fatale konserten. Alexandru omkom.

Foto: STRINGER/ROMANIA / Reuters

I ein mørk kjellar er det møtt opp over 500 menneske for å høyre på bandet «Goodbye to gravity».

Sangen dei spelar har ein bitter ironi:

«Fuck all your wicked corruption
It's been there since our inception, but we couldn't see
All the times we've felt so hollow
As our hopes were hanged in gallows
All this time we've been locked away
And there was nothing left to say»

Like etter tok det fyr i treplanker i taket.

Lokalet var overtent på cirka 25 sekund, seier dei som har sett overvakingsvideoen.

Mange på sjukehus

Framleis ligg over 100 på sjukehus, mange svevar mellom liv og død. Søndag blei det klart at ei ung rumensk kvinne, ein tyrkisk turist og trommisen i bandet også mista livet. Til saman er 45 menneske døde.

Men ein reknar med at dødstala vil stige.

– Dei neste sju dagane blir dei vanskelegaste når det gjeld behandlinga av dei skadde. Vi blir glade for all hjelp, sa helseminister Nicolae Banicioiu, til AFP rett etter brannen.

Så langt er 18 personar sendt til utlandet for å behandlast for brannskadar. To av dei er sendt til Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Andre er sendt til Storbritannia, Ungarn og Belgia.

Mens dei aller fleste framleis behandlast på sjukehus i Romania.

Fembarnsmor blant dei døde

Lista over døde rommar mange skjebnar. Om fembarnsmora som jobba heile tida for å sikre mat til borna, og mannen som løp inn i flammane for å forsøke å hjelpe:

  • 17 år gamle Valentina.
  • 26 år gamle Alexandra.
  • 25 år gamle Nicoleta.
  • 38 år gamle Adrian kom seg ut, men gjekk inn i infernoet for å hjelpe. Han kom aldri tilbake.
  • Maria Ion var enke og arbeidde deltid på nattklubben til alle tider for å skaffe mat på bordet. Fem born er foreldrelause.
  • 37 år gamle Vlad
  • 15 år gamle Stefan vart funne i armane på mor si
  • 25 år gamle Nicoleta
  • Karina vart funne på toalettet saman med to andre
Romania Nightclub Fire

Bilde frå gravferda til fembarnsmora Maria Ion. Den 38 år gamle enka arbeidde deltid som reinhaldar i konsertlokalet for å forsørgje familien sin. Dei to døtrene i bildet bad fotografen frå Associated Press om å ta eit bilde for å ha eit minne.

Foto: Vadim Ghirda / Ap

Sorg og sinne

Romania Nightclub Fire

Stor sorg etter brannen som tok 44 liv.

Foto: Andreea Alexandru / Ap

I dagane etter hendinga vaks folkemengda som demonstrerte i gatene. Dei kalla regjeringa mordarar, og skulda dei for brannen. Regjeringa gjekk onsdag av for å roe gemytta.

Statsministeren hadde ingenting med brannen i seg sjølv å gjere, likevel fekk han skulda.

ROMANIA-FIRE-DISCO-POLITICS

Demonstrantane krev systemendring og ein slutt på korrupsjon som tek liv.

Foto: ANDREI PUNGOVSCHI / Afp

Eit gammalt hat mot ein ung statsminister

For å forstå kvifor må ein spole eit år tilbake. Da det var presidentval.

Den 43 år gamle statsministeren Victor Ponta leia på meiningsmålingane.

Din kylling!

Valkamp i 2014: 100 høns vart kasta til skrekk og åtvaring på trappa til den borgarlege koalisjonen. Kandidat Iohannis er ein kylling var meldinga som hang rundt halsen på hønene.

Foto: MIRCEA RESTEA / Afp

Men det var det første skikkelege Facebook-valet i Romania, og folk byrja poste bilde av juks og skitne triks.

Som når ei bestemor fekk telefon frå kommunen med åtvaring om at dei ville kverrsette pensjonen skulle ho stemme på feil kandidat.

Opplysningane vart straks delt på Facebook og Twitter

Diasporaen, ei drivkraft for reform

Og trafikken på sosiale medium eksploderte da dei mange rumenarane i utlandet ikkje fekk stemme ved sin utanriksstasjon.

For det hadde skjedd ei bevisstgjering blant dei rundt 3–4 millionar rumenarane som bur og arbeider i utlandet.

Ei bevisstgjering ambassadane ikkje var budde på. Det stod kilometerlange køar utanfor konsulat i relativt anonyme byar som Hannover og Birmingham.

Og regjeringa gjorde sjølvsagt ingenting for å utvide kapasiteten. Tvert imot. Dei stengde dørene, sjølv om det stod tusenvis av menneske som ikkje hadde fått stemt.

Dette starta ein stor debatt på sosiale medium. Ein debatt som spreidde seg tilbake til Romania. Det vart ein debatt som handla om den korrupte politiske eliten i Romania.

Og om dei mange skitne triksa dei hadde brukt for å halde seg ved makta sidan Ceausescu og frue vart avsett i eit kuleregn jula 1989.

Dramaet enda med at reformatoren Klaus Iohannis vann presidentvalet i 2014.

ROMANIA-ELECTION/ Romanians wait in line to enter polling station at Romanian embassy in London

Den rumenske ambassaden i London gjekk tom for stemmesetlar midt på dagen. Frå presidentvalet i 2014.

Foto: Reuters

Korrupsjonsjakta byrjar

BELGIUM-EU-SUMMIT

Etniske tyske Klaus Iohannis er ein nær ven av Angela Merkel. Som president har han lova å ta eit oppgjer med den politiske eliten.

Foto: THIERRY CHARLIER / Afp

25 år etter revolusjonen byrja Iohannis eit stormløp mot korrupsjon. Ein etter ein har tidlegare og noverande ministrar og statssekretærar blitt sikta for korrupsjon.

I september vart det tatt ut tiltale mot Victor Ponta.

Presidenten bad Ponta om å trekkje seg som statsminister. Men han nekta, og klamra seg til makta.

Midt i dette dramaet kom brannen. Og raseriet retta seg umiddelbart mot statsministeren. Han var den skuldige. For han hadde verna om den korrupte politiske eliten og deira privilegium.

Nok var nok. For no hadde korrupsjonen kosta mange menneske livet i ein brann.

Elena Udrea i handjern

Eks-minister og tidlegare presidentkandidat Elena Udrea i moteriktig antrekk då ho vart ført inn på politistasjonen i Bucuresti.

Foto: Scanpix

– Symbol på korrupsjonskultur

– Kvifor var det ingen som førte tilsyn med utestadane i hovudstaden? Korleis kunne ein nattklubb drive så uforsvarleg at 32 menneske døyr? Fordi ein kan løyse alle problem med brune konvoluttar, skreiv journalist Iulia Maria Rosu i avisa Adevarul. (Sidan den gang har over 10 brannskada personar døydd på sjukehus).

Og Victor Ponta blir sett på som symbolet for denne korrupsjonskulturen. Ein politisk broiler som har ei oppgåve som statsminister, nemleg å legge til rette for at eliten uforstyrra kan rane staten.

ROMANIA-POLITICS-CORRUPTION-PONTA

Nyleg avgådde statsminister møtte i retten fredag.

Foto: DANIEL MIHAILESCU / Afp

Ponta i retten fredag

Fredag måtte Victor Ponta møte til høyring i retten, og det blir klart at det blir rettssak mot han. Han er mellom anna tiltalt for skattesvik og forfalsking.

Fleire rettssaker er på veg. Mest profilert er nok siktingane mot tidlegare president Iliescu og tidlegare statsminister Roman.

Dei er sikta for brotsverk mot menneskeslekta fordi dei sette inn gruvearbeidarar for å slå ned på demonstrasjonar berre seks månadar etter den rumenske revolusjonen.

Altså, våren 1990.

ROMANIA-PROTEST

Mange har venta eit heilt liv på eit betre samfunn.

Foto: DANIEL MIHAILESCU / Afp

Håpar på eit nytt system

I helga har det vore fleire nye demonstrasjonar. Hundrevis var laurdag samla i Bucuresti, for å minnest dei døde og protestere mot politikarane.

Men det er mange meiningar om kva som skal skje vidare. Nokre vil ha nyval, andre revolusjon. Ein mann seier til nyheitsbyrået Reuters han ynskjer seg eit konstitusjonelt monarki.

Andre igjen ynskjer seg berre eit normalt land. Der det er trygt og gå på nattklubb.

Og songen som vart spelt på nattklubben Colectiv, har blitt ein protestsong.

Teksten lyder slik:

We're not numbers we're free, we're so alive
And the day we give in is the day we die

Og dei som overlevde brannen er i høgste grad i live, og vil saman med tusenvis andre demonstrere mot den politiske eliten i Romania.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt